Eivindvik Brygge
Nettsted
http://www.eivindvikbrygge.noAdresse
E-post
booking@eivindvikbrygge.noTelefon
+47 91 90 98 04Eivindvik brygge har 14 rom med eige bad tilgjengeleg heile året. I sommarsesongen er de 22 dobbeltrom tilgjengeleg.
Det er 10% rabatt for pilegrimar.
Som gjest får du òg tilgang til eit felles kjøkken i same bygg, med steikeomn, platetopp, kaffitraktar, oppvaskmaskin og enkelt kjøkkenutstyr. Matbutikk finn du rett ved hotellet. Det er også mogleg å bestille servering i sommarsesongen.
Eivindvik brygge er eit godt alternativ for dei som vil besøkje nøkkelstaden Gulatinget.
Frå hurtigbåtkaia i Sollibotn: 2,8 km. 35 min. gange. På morgonrutene går det buss til/frå hurtigbåtkaia til Eivindvik sentrum.
Avstand til Gulatinget på Flolid er 4 km.
Hotellet har god parkering for dei som kjem i eigen bil. Det er bensinpumpe og ladestasjon på kaia. Her finn du også gjestehamn dersom du kjem med båt.
Eivindvik Brygge kan tilby transport (også bagasjetransport) til/frå hurtigbåten som legg til kai i Sollibotn. Dette må avtalast på førehand.
Det er også mogleg å bestille badstue i nærleiken. Sjå meir infomrasjon om dette på heimesida til hotellet.
Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord