Velkommen til Kystpilegrimskonferansen 1. og 2. oktober 2024
Kystpilegrimskonferansen er for deg som er del av, eller interessert i, utvikling av Kystpilegrimsleia mellom Egersund til Trondheim. Vi møtest for fagleg påfyll, inspirasjon, erfaringsdeling og for å bli betre kjende med kvarandre. Velkommen til Selje og Stad 1. og 2. oktober 2024!
Kystpilegrimskonferansen 2024 har tema Historieformidling og verdiskaping
I løpet av to innhaldsrike dagar skal vi bli betre kjende med nøkkelstaden Selja kloster, Noregs første pilegrimsmål og ein av våre eldste og mest spektakulære klosterruinar, og vi skal sjå nærare på korleis vi kan formidle kulturhistoria og kulturminna langs Kystpilegrimsleia. Kva veit vi om pilegrimane som reiste langs kysten i mellomalderen? Og korleis kan vi fortelje historia om Kystpilegirmsleia, kulturminna og nøkkelstadene langs leia på ein engasjerande måte i dag?
Program for kystpilegrimskonferansen i Selje 1 2 oktober 2024
Meld deg på ved å kjøpe billett i Operahuset i Nordfjord sitt billettsystem. Merk at konferansen er på Stad hotell på Leikanger, ikkje Operahuset på Nordfjordeid. Vi sender ikkje faktura, så du må betale billetten ved påmelding - og evt få refundert frå din arbeidsgivar.
Allergiar: Om du har nokon allergiar eller anna vi treng å ta omsyn til, ber vi deg om å gi oss beskjed på e-post til selje@pilegrimssenter.no
Alle deltakarar må melde seg på i billettsystemet, også inviterte foredragshaldarar, slik at vi har ei komplett liste over deltakarar. Merk at du må bestille overnatting og reise sjølv.
Påmeldingsfristen er 20. september.
Full konferansepakke 1100 kr.
Inkludert lunsj begge dagar, middag med underhalding, guida tur på Selja kloster og busstransport t/r Selje - Leikanger som korresponderer med båten til Bergen.
Det er også mogleg å velje dagpakker med og utan buss og middag.
Kryss av på det alternativet som er aktuelt for deg her:
Selje prestegard: Mottak, registrering og utstilling av verdibrev dag 1 (sjå tidspunkt i programmet)
Selja kloster: Omvising og vandring dag 1 (sjå tidspunkt i programmet). Vandring mellom Selja kloster og Bø. NB: Ta med gode sko og varmt tøy!
Stad hotell: konferanse dag 1 og 2, middag og overnatting (sjå tidspunkt i programmet)
Det blir sett opp båttransport frå Selje sentrum til Selja kloster, og busstransport mellom Selje og Stad hotell begge dagar for dei som ikkje har eigen bil. Bussen korresponderer med hurtigbåt til Bergen på dag 2.
Alle må bestille overnatting sjølv. Dette er ikkje inkludert i konferanseprisen.
Vi har reservert Stad hotell på Leikanger både til konferanse og til overnatting. Send e-post til post@stadhotell.no. Merk e-posten med Pilegirm24.
Konferansepris for overnatting er 1332 kr for enkeltrom og 1431 kr for dobbeltrom. Dette gjeld både for hotellrom og annan overnatting reservert av hotellet. Stad hotell har ikkje rom til alle, men har reservert andre overnattingsstader i Leikanger sentrum i tillegg.
Hurtigbåten frå Bergen tek deg direkte til Selje sentrum sørfrå. Du kan gå på båten frå alle nøkkelstader langs Kystpilegrimsleia mellom Bergen og Selje. Tysdag 1. oktober er det avgang frå Bergen kl 08.00, og ankomst i Selje kl 13.05. Hugs å kjøpe billett på båten i god tid.
Fly til Sandane (1,5 timar køyrig frå Selje), Ørsta (2 timar køyring frå Selje) eller Ålesund (3 timar og 15 minutt frå Selje). Taxi eller leigebil frå flyplassen. Det er også mogleg å fly til Florø, og ta hurtigbåten derfrå til Selje.
Nattbuss frå Oslo til Måløy. Avgang frå Oslo måndag 30.09 kl 22.26. Ankomst Måløy tysdag 01.10 kl 07.50. Buss nr. 160 køyrer mellom Måløy og Selje. Avgang Måløy 08.30. Ankomst Selje 09.40.
Sjekk andre avgangar i Vestland fylke (frå sør) på https://www.skyss.no/Sjekk andre avgangar i Møre og Romsdal (frå nord) på https://frammr.no/
Start: 1. oktober 2024: Registrering i Selje prestegard frå kl 11.30. Prestegarden er open heile dagen for dei som evt kjem tidlegare. Om nokon har behov for å komme dagen før, er det mogleg å overnatte på Selje prestegard ved å ta kontakt med Selje pilegrimssenter på e-post selje@pilegrimssenter.no.
Slutt: 2. oktober 2024: Konferanseprogrammet på Stad hotell er ferdig kl 14.15. Buss til Selje for dei som skal ta hurtigbåt mot Bergen.
1.-2. oktober 2024 i Selje og på Stad
Dag 1 - Bli kjend med nøkkelstaden Selja kloster
Frå 11.30: Registrering i Selje prestegard. Utstilling om verdibrev og verdiseglasen
13.30: Avgang Klosterbåten til Selja frå hamna ved Selje prestegard
Vandring, omvising og lunsj på Selja kloster
16.00: Retur frå Selja/Bø til Selje
16.30: Avgang buss frå Selje til Stad hotell
18.00: Velkomst og helsingar på Stad hotell, Vestkappsalen
Formidling av nyare forsking frå Selje og Selja
18.15: Er Sunnivakyrkja på Selja Noregs eldste steinkyrkje? v/Regin Meyer, NIKU
18.40: Presentasjon av arkeologiske funn på Seljesanden v/Morten Ramstad, UiB
19.00: Interpretasjon av funna på Seljesanden v/Per Christian Burhol, VLFK
19.20: Formidling og verdiskaping basert på arkeologiske funn på ei hotelltomt v/Liv Koller-Borg, Selje Hotell Invest
19.30 Middag i Vestkappsalen, Stad hotell
musikalsk underhaldning v/Line Dybedal
Dag 2 - Historieformidling og verdiskaping
Kystpilegrimsleia – kor kjem vi frå?
09.00: Smakebit frå reklamefilm for Kystpilegrimsleia v/Nasjonalt Pilegrimssenter
09.10: Pilegrim langs kysten – historisk bakgrunn v/Bjørn Ringstad, tidl. Møre og Romsdal Fylkeskommune
09.30: Prosessen og motivasjonen bak prosjekt Kystpilegrimsleia. Samtale mellom Margun Pettersen, Ragna Sofie Grung Moe og Ragnhild Halle
09.50: Verdiskaping og tilrettelegging av kystpilegrimsleia v/Synnøve Aabrekk, Stad Vekst
10.05: Kystpilegrimsleia i pilegrimssatsinga v/Hans Morten Løvrød, Nasjonalt pilegrimssenter
10.20: Pause
Samspel langs leia – arven og folket
10.30: Anne Meek – stadutvikling, medverknad og verdiskaping. Om å fortelje historier som berører oss. v/Anne Meek, Nord Universitet
11.00: Verdiseglasen 2024 – kva var det, kva ville vi og kor går vegen vidare? v/Ragna Sofie Grung Moe, Bjørgvin bispedøme og Lauritz Haarr, RPS Bergen
11.20: Miniverkstad. Erfaringsutveksling frå verdiseglasen v/Ragnhild Godal, RPS Smøla
11.30: Presentasjon av prosjekt Ro pilegrim. Tilrettelegging for formidling, fysisk aktivitet og bruk av den historiske båtparken v/Ragnhild Godal, RPS Smøla
11.45: Lunsj
Formidlingsverkstad
12.30: Formidling som plan, prosess og involvering. Formidlingsplan for Stadlandet utvalde kulturlandskap (UKL) v/Kristian Bjørnstad frå Norske Parker og Tonje Ramse Trædal frå RPS Selje
12.45: Formidling av pilegrimstematikk på nøkkelstadene - utfordringar og moglegheiter. v/Alexander Rauboti, Kvernsteinsparken i Hyllestad
13.00: Formidlingsverkstad. Korleis kan vi synleggjere pilegrimstematikk og pilegrimshistorie på nøkkelstadene på ein engasjerande måte? v/Kristian Bjørnstad, Norske parker
14.00: Oppsummering og avslutning av konferansen
14.30: Buss til Selje
Presentasjon av foredragsholdere
Vi er stolte og glade for å ha fått med oss mange gode foredagshaldarar, innleiarar og prosessrettleiarar både frå eigen organisasjon og frå andre fagmiljø. Presentasjon av foredragshaldarane blir lagt ut fortløpande nedanfor.
Anne Meek (f.1961) er utdanna teaterinstruktør og har lang erfaring med instruktør, dramatikar og dramaturg. Ho har også jobba med Kultur- og stadutvikling, og disputerte i 2018 med avhandlinga Kultursatsing og stedsutvikling i et dramaturgisk perspektiv der ho følgde tre norske kommunar som med ulike strategiar og ulikt hell valde kultur som sin stadutviklingsstrategi. På bakgrunn av funna i forskninga har ho utvikla ei dramaturgisk tenking om forholdet mellom forteljingar og stader som er eit alternativ til dei siste åras tendens til å ville merkevarebygge stader gjennom såkalla branding.
Anne Meek er tilsett ved Nord Universitet.
Per Christian Burhol (f.1986) er utdanna arkeolog og har mykje erfaring med formidling av kulturhistorie etter å ha jobba i ulike museum rundt om i Noreg. Per Christian har jobba fleire år med den sokalla Hyllestadmodellen kor skuleelevar skal lære å formidle Hyllestads kulturarv til besøkande. Han nyttar metoden interpretasjon til formidling, og har som mål å levere formidling som gir folk ein oppleving som skal vekke nysgjerrigheita deira. Funna på Seljesanden er ein gullgruve av informasjon om ei tid lenge før Stad og Selja var kjend for klosteret sitt, og er difor eit godt utgangspunkt for formidling til besøkande og fastbuande.
Per Christian er tilsett som seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune, med ansvar for førreformatoriske kulturminne i Stad, Gloppen, Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Solund, Gulen og Luster kommunar.
Margun Pettersen har jobba hos Stavanger biskop, og var med i oppstarten av prosjektet Kystpilegrimsleia. Ho har vore engasjert i arbeidet med leia i mange år, og har mellom anna skrive boka "Kystpilegrimsleia fra Egersund til Nidaros. En guide til nøkkelstedene". I dag er Margun ein aktiv pensjonist m.a. ved nøkkelstaden Stavanger domkirke.
Ragna Sofie Grung Moe er kulturrådgivar i Bjørgvin bispedøme og har, saman med sine kollegar langs kysten, fått bidra til utviklinga av Kystpilegrimsleia frå 2011 og fram til i dag. Ho er opptatt relasjonsbygging mellom «sokn og samfunn», offentleg forvaltning og frivillige eldsjeler i fartøyvern, miljøvern og kyrkje. Ho ror sin eigen oselvar og følgjer mottoet «meir himmel på fjord».
Ragnhild Godal er leiar ved Regionalt pilegrimssenter på Smøla. Ho har master i innovasjon, entreprenørskap og samfunnsutvikling og har lang erfaring som distrikts- og samfunnutviklar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. På konferansen vil ho snakke om «Ro pilegrim», ei prosjektsatsing som skal fremje den historiske og fysisk aktive reisa både til lands og til vanns langs Kystpilegrimsleia.
Kristian Bjørnstad jobbar som dagleg leiar for Norske Parker, og har vore sentral i utviklinga av regionalparkar i Noreg. Han oppdaga mangfaldet av parkar og UNESCO-område som student i Europa, og deltek no i Europarc Federation sitt forum for natur, regional og landskapsparkar.
Han er samfunnsvitar fra universiteta i Bergen og Lund med en spesialisering på forholdet mellom natur og menneske. I tillegg er han pedagog og sertifisert kurshaldar innanfor natur- og kulturrettliing.
Kristian hadde oppdraget med å utarbeide ein formidlingsplan for Utvalde kulturlandskap (UKL) Stadlandet i 2023-24 for Stad kommune. I planprosessen var lokal medverknad viktig, gjennom arbeid med stadkjensle og formidlingsverkstader med både landbruksnæring, reiselivsnæring og lokalbefolkning til stades.
Mykje av dette arbeidet, og interpretasjon som metode, er overførbart til Kystpilegrimsleia. Kristian skal leie oss gjennom ein arbeidsverkstad der vi ser på korleis vi kan formidle pilegrimshistorie og pilegrimstematikk ved nøkkelstadene langs Kystpilegrimsleia. Målet er å skape autentiske besøksopplevingar som går lengre enn faktaformidling, og som knyter ein relasjon mellom folk, landskap og historie.
Regin Meyer er utdanna mellomalderarkeolog med arbeidsfelt innan historisk arkeologi, samt bevaring, dokumentasjon og forsking på bygningslevningar og ruinar. Sidan 2017 har han vore involvert i konserveringsprosjekt og undersøkingar på Selja.
Dei siste åras arbeid med Sunnivakyrkja har ført til nye oppdagingar vedrørande kyrkjas påfallande tidlege opphav, tilknytninga til landets eldste helgenkult samt utviklinga av heilagstaden. Ein ukjent bygningsfase tyder på at dette kan vere vår eldste kjende steinkyrkje med handverkarar henta over Nordsjøen.
Saman med andre resultat og erfaringar går det dessutan fram at Selja framleis har eit stort kunnskapspotensial både over og under bakken trass i ei lang forskingshistorie.
Regin er tilsett ved Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU).
Tonje Ramse Trædal har vore tilsett som dagleg leiar ved Regionalt Pilegrimssenter Selje sidan 2021, og har i tillegg fagansvar for kulturarv i Stad kommune. Ho jobbar difor både med Kystpilegrimsleia og med kulturarv i vidare forstand. Stad kommune har enormt mykje spennande å by på når det gjeld kulturarv, frå Myklebustskipet på Nordfjordeid til Selja kloster, dei ferske arkeologiske funna på Seljesanden og status som Utvald kulturlandskap av nasjonal interesse (KULA) og Utvald kulturlandskap i jordbruket (UKL).
Det er no fleire prosjekt på gang i forhold til formidling, verdiskaping og forvaltning av denne kulturarven i Stad kommune. Eitt av dei er den nyleg vedtekne formidlingsplanen for Stadlandet UKL-område som Tonje har vore prosjektleiar for. Saman med Kristian Bjørnstad, som har hatt ansvar for utforming av planen, vil ho presentere bakgrunn, metodikk og planar for vidare formidling av dette unike kulturlandskapet.
Tonje er utdanna kulturhistorikar/etnolog, og har tidleger jobba som m.a. kulturrådgivar og museumsleiar på Sørlandet.
Ragnhild Halle er kulturrådgivar i Stavanger bispedømme. Ho har vore med i arbeidet med å utvikle Kystpilegrimsleia sidan 2011. Ragnhild har vore med på fleire reiser langt leia, mellom anna som songar i Den nasjonale pilegrimskvartetten. Ho er i dag med i ressursgruppa til Avaldsnes regionale pilegrimssenter.