Olsokvandring i ytre Sogn og Sunnfjord 26.-28. juli 2025
På veg mot Olsokmesse på Kinn legg pilegrimsprest Einar Vegge turen innom Hyllestad, Fjaler og Askvoll, og inviterer alle som måtte ynskjer det å slå følgje på vegen. Delar av ferda går til fots, akkompagnert av kulturhendingar som perler på ei snor undervegs, og – ikkje minst – unike steinkrossar som i tusen år har pryda Vestlandskysten

Foto: Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Laurdag 26. juli: Pilegrimsvandring Rysjedalsvika-Hyllestad, kulturprogram og middag
Arrangør: Selje RPS/Nøkkelstadgruppa i Hyllestad
Oppmøte Rysjedalsvika kl. 10:00 for dei som vil – ca. 3,5 timar (9 km). Hugs høvelege klede og fottøy for asfalt (ca. 8 km) og natursti (dels bratt terreng, ca 1 km). Korte pausar undervegs. Turen endar i Kvernsteinsparken i Hyllestad, som er ein av 25 nøkkelstadar langs Kystpilegrimsleia som strekkjer seg frå Egersund til Trondheim.
Pilegrimsrelevante aktivitetar og opplevingar i Hyllestad (i utval):
- Høve for kjøp/stempling av pilegrimspass i Kvernsteinsparken – der kverner og krossar vart hogne i hopetal allereie den gong Olav den Heilage ferdast i området. Museet har ope 11-17 – sjå www.misf.no/kvernsteinsparken for prisar og informasjon.
- Visingsrom for Fjordkysten regional- og geopark i Prestegarden Kulturhus
- Gamle Hyllestad kyrkjegard er ein kort rusletur unna – kulturminne av dei sjeldne med lokalt hogne kyrkjegardskrossar frå mellomalderen.
17.00: Kulturkveld i Hyllestad kyrkje. Fri inngang.
Arrangør: Kyrkja i Hyllestad - kystpilegrimsarbeidet
- «Til Rio og heimatt»: Smakebitar frå kabareten v/songgruppa Moreld m.fl.
- «Pilegrimen i slektskap med naturen og i dragninga mot det heilage.» Føredrag v/Einar Vegge. Høve for spørsmål kring pilegrimsturar, sal av boka «Inntoning – pilegrim i poesi og teologi».
19.30: Sognhostel, Salbu: Høve for middag og overnatting (NB: Ynskjer du middag? Meld ifrå innan 19.07. til Sognhostel anten per e-post post@sognhostel.no eller tlf. 90787693) Sertifisert pilegrimsherberge – overnatting her er eit glimrande utgangspunkt for vandringa søndag!
Søndag 27.juli: Pilegrimsvandring og friluftsgudsteneste ved steinkrossen i Korssund
Pilegrimsvandring Salbu – Ulvikåsen – Rutlekvia – Osen/Skifjord
Arrangør: Selje RPS/Nøkkelstadgruppa i Hyllestad.
Oppmøte Sognhostel kl. 09:00 – ca. 3 timar (7 km). Hugs høvelege klede og fottøy for asfalt (ca. 2 km) og skogsveg/-sti (ca. 5 km). Matpause undervegs – ta med niste.
Transport Osen/Skifjord - Korssund kan organiserast. – meld ifrå til Audun Systad tlf. 97155237 innan 19.07.
14.00: Friluftsgudsteneste i Korssund – tradisjonen tru.
Arrangør: Kyrkja i Fjaler og Askvoll. Sjå eige program.
Samling på kaien ved butikken. Høve til å kjøpe mat der.
Det er mogleg å overnatte på Sogn Hostel til måndagen for dei som skal vere med vidare. Transport kan avtalast med Audun Systad.

Foto: Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Måndag 28. juli: Kulturvandring og kyrkjekaffi på Vilnes
17.30: Kulturprogram i Vilnes kyrkje, Atløy.
Arrangør: Kyrkjelydsutvalet Vilnes sokn, Askvoll i samarbeid med repr. frå kystpilegrimsarbeidet.
Kulturelt program med historisk vandring til Nærvika – der kyrkjebåtane kom inn (15 min kvar veg). Lokale songkrefter frå Askvoll. Innlegg om pilegrimsarbeidet v. Einar Vegge.
Samlinga er koordinert med lokale krefter på Atløy. Kaffi og kaker. Sjå ferjetider sambandet Askvoll – Gjervik (Atløy) – Fure – Askvoll (gratis)
MERK: Programmet er koordinert av Kystpilegrimsleia/Selje regionale pilegrimssenter si nøkkelstadgruppe i Hyllestad. Ikkje påmelding – deltakarane organiserer sjølv transport og overnatting. Atterhald om moglege endringar – sjå oppdatert informasjon på https://www.pilegrimsleden.no/artikler/arrangement-langs-kystpilegrimsleia og Facebook.