Båt

Båtkaia på Kinn

Ligger langs Kystpilegrimsleia
Det går båt frå Florø til Kinn. I sommarsesongen er det eigne turistruter. Merk at når du skal returnere frå Kinn må du gi beskjed til båten seinast 30 min før avgang frå Florø.

Det går lokalbåten frå Florø Terminal til Kinn. Det er totalt fem båtruter som går ut til Kinn kvar dag, måndag til fredag. Laurdag og søndag går det to båtruter.

Om sommaren vert det satt opp ei ekstra båtrute klokka 11.35. Båten går om lag frå slutten av juni til starten av august. Sjå skyss.no for meir informasjon om turistruta.

Det er enkelt å søke om rutetider på skyss.no Legg inn frå: Florø Terminal, Kinn Til: Kinn kai, Kinn. Du vil då få opp alle rutene som går for den valgte dagen, og viktig tilleggsinformasjon som du bør hugse på.

Du kan kjøpe billettar til rutebåten om bord. Det kostar 49,- for ein vaksen per veg, barn / honnør betalar halv pris.

Ein del av stoppa i Florabassenget er såkalla "stjernestopp", også kalla "ringestopp". Dette betyr at båten kjem til Kinn på oppsette tider dersom mannskapet veit at det er passasjerar. Du må difor ringe båten før den går frå Florø slik at dei veit at du ønskjer å vere med båten i retur frå Kinn til Florø. Telefonnummeret til båten er +47 94 83 86 99.