Kulturminne

Den angliske steinkrossen

Ligger langs Kystpilegrimsleia

Vidar Vie

Denne steinkrossen på Krossteigen er ein av to steinkrossar i Eivindvik som truleg har opplevd både Gulatinget og innføringa av kristendommen.

Krossen er 2,65 meter høg, 1,3 meter brei og 8-10 cm tjukk og hoggen ut av sein av granatglimmerskifer frå Hyllestad. Denne krossen er av anglisk type, med boga krossarmar. På framsida er det hyggen ut ein 65 cm høg og 55 cm brei latinsk kross i relieff. Den angliske forma gjer denne krossen eineståande blant dei 60 steinkrossane i Noreg, og tyder på at han kan vere laga av steinhoggarar frå dei britiske øyene. Tradisjonen med å reise steikrossar er sterk i desse områda, og den tidlege kristninga av Noreg var sterkt påverka av impulsar herfrå.

Rett nedanfor krossen ligg ei vasskjelde som skal ha vore ei heidensk offerkjelde. Ei segn fortel at Olav Haraldson sette opp krossen på Krossteigen for å tyne heidenskapen ut av kjelda. Ei anna segn fortel at Olav skaut tre pilar i kvar si retning frå tingplassen, og sette opp eiin kross der kvar pil landa. Krossgranskar Fridtjov Birkeli meiner at det truleg var Håkon Adalsteinsfostre seom sette opp krossane saman med biskop Sigfrid frå Glastonbory i Sørvest-England i samband med at den første tingplassen for Gulatinget kan ha vore etablert her. 

Krossen er ein del av den digitale kulturvandringa i Eivindvik.