Den keltiske steikrossen
Krossen er 2,85 meter høg, 1,15 meter brei og 6-15 cm tjukk, og er hoggen ut av stein av granatglimmerskifer frå Hyllestad. Dette er ein a totalt 54 steinkrossar på Vestlandet frå den tidlege kristningstida på1000-talet, og denne krossen er av norsk-keltisk type. Tradisjonen med å sette opp steikrossar kom frå dei britiske øyene. Krossane i Eivindvik er truleg sette opp av Olav Tryggvason i samband med kristninga av landet. Ei segn fortel at Olav vigsla grunnen til gudstenester her, reiste krossane og bad folk om å byggje ei kyrkje på staden. Ei anna segn seier at han skaut tre piler i ulike retningar frå tingstaden, og sette opp ein kross der kvar pil landa.
Kristninga av landet skjedde mellom anna gjennom vedtak på tingsamlingar, og krossane i Eivindvik kan ha vore reiste i samband med eit slikt vedtak. Plasseringa av krossane har difor også vore brukt som argument for at det første Gulatinget låg i Eivindvik før det vart flytta til Flolid.
Denne krossen vart dessverre skadd i samband med fjerning av tre ved kyrkjegardsmuren i 2012. Den eine krossarmen knakk, og er seinare reparert.
Krossen er ein del av den digitale kulturvandringa i Eivindvik.