Overnatting | Hotell | Transport | Kai

Eivindvik Brygge

Ligger langs Kystpilegrimsleia
Sertifisert pilegrimsovernatting

Foto: Eivindvik Brygge

Eivindvik Brygge tilbyr overnatting i sentrum av Eivindvik i Gulen kommune heile året.

Adresse

Eivindvikvegen 1082, 5966 Eivindvik

Telefon

+47 91 90 98 04

Eivindvik brygge har 14 rom med eige bad tilgjengeleg heile året. I sommarsesongen er de 22 dobbeltrom tilgjengeleg.

Det er 10% rabatt for pilegrimar.

Som gjest får du òg tilgang til  eit felles kjøkken i same bygg, med steikeomn, platetopp, kaffitraktar, oppvaskmaskin og enkelt kjøkkenutstyr. Matbutikk finn du rett ved hotellet. Det er også mogleg å bestille servering i sommarsesongen. 

Eivindvik brygge er eit godt alternativ for dei som vil besøkje nøkkelstaden Gulatinget.

Frå hurtigbåtkaia i Sollibotn: 2,8 km. 35 min. gange. På morgonrutene går det buss til/frå hurtigbåtkaia til Eivindvik sentrum.  
Avstand til Gulatinget på Flolid er 4 km.

Hotellet har god parkering for dei som kjem i eigen bil. Det er bensinpumpe og ladestasjon på kaia. Her finn du også gjestehamn dersom du kjem med båt.

Eivindvik Brygge kan tilby transport (også bagasjetransport) til/frå hurtigbåten som legg til kai i Sollibotn. Dette må avtalast på førehand. 

Det er også mogleg å bestille badstue i nærleiken. Sjå meir infomrasjon om dette på heimesida til hotellet.

To gutter står på en fjellknaus og omfavner hverandre mens de ser ut over en dal med innsjøer, små hus og grønne fjell i bakgrunnen.
Eivindvik sett frå Dagsturhytta nær sentrum. Foto: Gulen kommune
Gulatinget. Foto
Tusenårsstaden Gulatinget, som ligg 4 km unna

Foto: Visit FjordKysten og Sunnfjord