Grotle gamle kyrkjegard
Kyrkjegarden på Grotle ligg fritt til ved strandkanten med ope utsyn mot havet. Mange kom sjøvegen. Stadnamna Kyrkjeflua, Kyrkjeholmane, Kyrkjeberget, Kyrkjevika og Kyrkjestøa er den dag i dag talande vitnemål om innseglinga. Oppå muren og inne på kyrkjegarden er det ein svært rik og samansett flora.
Grotle gamle kyrkjegard har eit særs rikt gravminnetilfang. Det er registrert nærare 100 gravminne som varierer i alder, materiale, storleik, form og farge. Gravminna ligg ikkje i rad og rekkje etter beine liner frå nedsette fastmerke. Det er det uregelmessige som dominerer. Mange gravminne er plassert liggjande, og det er inskripsjonar på dei fleste; - tal og bokstavar, ofte i enkel og lite kunstferdig form. Elles er det fleire karakteristiske trekk ved denne kyrkjegarden. Det er etter måten få prangande og påkosta gravminne. Dei fleste ser ut til å vera sette på "kvarmanns grav". Mange gravminne er heimelaga av høveleg stein ein har funne lokalt.