Nøkkelsted | Overnatting | Kulturminne | Naturområde

Halsnøy kloster i Kvinnherad kommune

Ligger langs Kystpilegrimsleia
Foto: Øyvind Gjerde
Halsnøy kloster ble bygget på 1100-tallet og ligger på Halsnøya i Kvinnherad kommune, Vestland fylke. Halsnøy kloster var et av fem augustineranlegg i middelalderen.

Halsnøy kloster ble grunnlagt rundt 1163/63 og ligger på Halsnøya i Kvinnherad kommune, Vestland fylke. Halsnøy kloster var et av fem augustineranlegg i middelalderen. Murane vi ser i dag er restar etter det 2. klosteranlegget som vart oppført i stein på slutten av 1200- talet/byrjinga av 1300-talet.

Halsnøy kloster Halsnøy kloster ligg midt i det frodige fjordlandskapet i Sunnhordland, på eitt av dei låge eida, eller ‘halsane’ som har gjeve øya namn. Slake bøar skrånar ned mot sjøen på begge sider; i sør mot Klosterfjorden, i nord mot den lune Klostervågen. Halsnøy kloster vart truleg grunnlagt i 1163-64 av Erling Skakke, etter kroninga av sonen Magnus: «Udi samme kronelse lovede Erling Skakke, kongens fader, at bygge sin søn til bønerhold Halsnø kloster, sancto Augustino til lov og ære». Om Erling gav grunn til klosteret frå eige gods eller frå kongens, veit vi ikkje, men det må ha lege ein stor og god gard her før klosteret vart grunnlagt.

Dei som heldt til i dette augustinarklosteret var ikkje munkar i eigentleg forstand, men prestar som vart kalla regulære kannikar eller korbrør. Truleg var det ikkje fleire enn 13 korbrør i klosteret. I tillegg kom teneste-folk og andre som hadde ansvar for klosterdrifta. Halsnøy vart eitt av våre største og viktigaste kloster i mellomalderen. Det hadde store jordeigedomar på Vestlandet, dei fleste i Sunnhordland og nordre del av Ryfylke. Kring 1300 vart klosteranlegget ombygt og utvida, og slik stod anlegget heilt fram til reformasjonen. Då byrja forfallet; klosteret hadde vorte ein adeleg setegard med vekslande eigarar. I 1642 fekk Erik Ottesen i Orning på Stord løyve frå kongen til å ta 400 stein frå kyrkjeruinane for å utbetra dei andre bygningane. Klosteret fungerte så som fogderiembete/amtmanns gard fram til Juel-familien byrja med storgardsdrift fram til den gong Sunnhordland museum og sogelag overtok eigedomen i 1958.

Halsnøy kloster vert i dag drive som ei eigen avdeling under Sunnhordland museum som formidlingsstad for den rike historia, for einskildpersonar, grupper og skuleklassar, samt som arrangør av mange ulike kulturarrangement gjennom året, vigslingar, gudstenester og noko utleige av lokala til samkomer.

Halsnøy kloster leiger ikkje ut for overnatting.

Klostertunet - mot nord

Copyright: @helenpetersen

Klostertunet - mot nordvest

Copyright: @helenpetersen

Klostertunet - mot sør

copyright: @helenpetersen

Klostertunet - mot nordvest

copyright: @helenpetersen