Kulturminne

Herresalen i Eivindvik

Ligger langs Kystpilegrimsleia

Vidar Vie

Herresalen er namnet på prestebustaden som den kjende prosten i Gulen, Niels Griis Astrup Dahl, fekk bygd i 1827. Dahl var folkeopplysar, og også den første ordføraren i Gulan og Stortingsmann frå 1814.

Huset er bygd i empirestil, og var prestebustad fram til 1902. Salen i 2. høgda har vore møtesal for kommunestyret heilt fram til midten på 1980-talet. Prestekaia og steintrappa opp til kyrkja er óg Dahl sitt verk. Herresalen er i dag brukt til folkebibliotek. 

Dahl var sterkt engasjert i m.a. folkeopplysning, fråhaldsarbeid, skule, folkehelse og jordbruk. Det vart sagt at Dahl kjøpte opp fleire skjenkestadar i prestegjeldet, og la dei ned. På denne tida hadde prestegjeldet 8-10 lovlege skjenkestader. Frå 1816 hadde dessutan alle gardbrukarar rett til å brenne brennevin, og det var krangel, slagsmål, tjuveri og sedløyse. Mange drakk seg frå gard og grunn.

På Dahl si tid var det omgangsskule, utan fast skulehus eller utdanna lærarar. Dahl heldt kurs for lærarane, og betalte òg for skule for fleire. Han fekk også bygd fleire skulehus. Dahl møtte mykje uvilje i arbeidet sitt for skulen. Folk synst skulen tok borna for mykje bort frå arbeidet heime. Dahl tvang no likevel “Aand av Striile”, som Wergeland uttrykker det i diktet “Eivindvig”.

Dahl fekk også vaksinert nesten alle i prestegjeldet i åra 1805-1810. Det førte til at då det gikk ein hard kopperepedemi på Vestlandet i 1833, var det kun 4 menneske som fekk sjukdomen her. Ein av dei døydde, for han hadde lurt seg unna vaksineringa. To av dei andre hadde skofta revaksinering. Eivindvik var truleg det første prestegjeld i heile Noreg som vart gjennomvaksinert. 

Dahl var oppvaksen i Kapteinsgarden i Rosendal. Han kom til Gulen som ein rik mann, men døydde fattig og med stor gjeld. Mykje av pengande sine brukte han på utviklingtiltak i soknet sitt.  Diktaren Henrik Wergeland, som i 1832 vitja Eivindvik, vart ein nær ven av prost Dahl. Det var stor aldersforskjell mellom dei to, men likevel fant dei to kvarandre i sitt brennande engasjement for å betre fattige folks kår. Difor vart kvart einaste vers i diktet til Wergeland om Eivindvik ein stor hyllest til den framsynte samfunnsbyggaren og prosten Nils Griis Alstrup Dahl, “Eivindvigens anden Skaber”. Byd, du Sjel! -- Naturen taber. Eivindvigens anden Skaber triner under sin Tropæ: Abildgaardens hvide Fane, mens i Plovens Seiersbane Axet bøier tusind Knæ. Medens svarte Myr forgyldes, Templet -- hør! -- af Toner fyldes. Det er Englevingers Klang, dem han ud af Kofter spiler: Brød af Steen og Aand af Striler Dahl i Eivindvigen tvang.