Hyllestad gamle kyrkjegard
Hyllestad kyrkje er omtala saman med Øn kyrkje alt i 1320. Enkelte meiner at Olav Kyrre kan ha bygd ei kyrkje her alt på 1000-talet. Hyllestad og Øn høyrde tidlegare til Asvoll prestegjeld, men vart i 1861 skilt ut til Hyllestad prestegjeld.
i 1880 vart den gamle kyrkjariven seld, og ny kyrkje vart sett opp på grunnen til den nye prestegarden Myklebust, der ho står no. I 1921 var det 40 år sidan den gamle kyrkegarden hadde vore i bruk, og det vart sett i gang eit restaureringsarbeid. Det var støypt ein mur der den gamle kyrkja hadde stått, og kyrkjegardsmuren vart sett i stand.
Noko av det mest særeigne med den gamle kyrkjegarden i Hyllestad er dei tre steinkrossane frå mellomalderen. Ingen andre stader finn ein så mange mellomalderkrossar på ein stad, og formen tyder på tidleg britisk og keltisk påverknad. Steinane er hogde av granatglimmerskifer frå Hyllestad. På kyrkjegarden er det også ei steinplate med innhogde krossar frå katolsk tid.
Området er i dag freda og ligg i dag på privat grunn, så vis omsyn når du ferdst her.
Kjelder:
https://www.norske-kirker.net/home/sogn-og-fjordane/hyllestad-kirke/
https://www.kulturvandring.no/hyllestad/sights/47
https://kringom.no/nb/sunnfjord/hyllestad/hyllestad-gamle-kyrkjegard