Kulturminne
Olavskrossen i Korssund
Ligger langs Kystpilegrimsleia
Dette er den største og kanskje flottast av dei om lag 50 steikrossane som er reist langs Vestlandskysten under den tidlege kristningstida på 1000-talet.
Krossen er hoggen ut av granatglimmerskifer i Hyllestad, 3, 85 cm høg, og berre 31-38 cm tjukk. Tek ein med fundamentet under bakken, er krossen rundt 5 meter lang. Krossen har truleg fungert som eit seglingsmerke gjennom det smale sundet, og kan også ha vore ein samlingsstad i den tidlege kristningstida.
Krossen skal vere reist av kong Olav Haraldsson om lag år 1030. I følgje segna opna Heilag-Olav sundet slik at skipa hans kunne segle gjennom. Nordaust for steinkrossen finn du også ei Olavskjelde.
Korssundet er ein gammal gjestgivargard, og det er fine merka turstiar i området.