Overnatting | Pilegrimsherberge | Glamping | Spisested

Kråen Gard

Ligger langs Kystpilegrimsleia
Sertifisert pilegrimsovernatting

Foto: Terje Grønmyr

Kråen Gard med sine aner tilbake til 1600-talet, ligg vakkert til i sydvendt skrått terreng med panoramautsikt til fjell, fjord og storhavet. Kulturlandskapet er frodig og vert pleia av flittige og folkekjære Boergeiter.

Adresse

Hallebygda 253, 6084 Larsnes

Telefon

+47 40 62 05 65

Pris:

Det er 20% rabatt på dynamiske priser ved framvising av pilegrimspass. Dette gjeld kun om de bestiller direkte via Kråen Gard si nettside eller via pilegrimsleden.no. Rabatten gjeld ikkje om du bestiller via bookingselskap.

Avstand fra leden:

Garden ligg i pilegrimsleia, med utsikt til Stadtlandet

Tilbud på garden:

Kåren Gard tilbyr overnatting i mikrohus, dei har ein liten kafé og gardsbutikk. Garden har spennande planer framover for både meir og variert overnatting, samt aktivitet.

På gardstunet kan du bo komfortabelt i flotte mikrohus, med utsikt over kulturlandskap, fjell og fjord. Våre mikrohus er bygd i Norge med fokus på miljø og eit minimalt fotavtrykk. Husa er utstyrt som eit hotellrom med gode senger, eige bad med regndusj, håndklede og hudpleieprodukter fra Rituals. Det er kokeplater, vannkoker og kjøleskap på rommet. Det er ei dobbeltseng og to køyer i huset.

Snart blir det og mogleg å bu i glampingtelt eller hengekøye.

Veronika og Terje gler seg til å ta imot deg som gjest og vil vere ditt vertskap gjennom opphaldet. Dei legg stor vekt på kvalitet og at du som gjest skal få det beste oppholdet hos oss.

Du finn meir informasjon på gardens nettside


Mikrohus hotellrom Kraaen Gaard
Foto: Terje Grønmyr

På Kråen Gard kan du sove i mikrohus med fantastisk utsikt. Det har eget bad og kjøkkenkrok med kjøle- og kokemuligheter.

Innsiden av mikrohus.
Innsiden til mikrohus

Foto: Terje Grønmyr

Gardsrestauranten på Kråen Gard
Foto: Terje Grønmyr

Sjarmerende gårdskafé på Kråen Gard

Her er gårdsbutikk og lokalmatproduksjon. Foto: Terje Grønmyr
Boergeiter. Foto: Terje Grønmyr
Glamping på Kråen gard.
Glamping

Foto: Terje Grønmyr

Badstue med utsikt ut mot fjorden.
Badstue med fjordutsikt

Foto: Terje Grønmyr