Kulturminne

Kulisteinen - Noregs dåpsattest

Ligger langs Kystpilegrimsleia
Kulisteinen er innskriven i UNESCOS dokumentarv. Den vart funnen på Kuli på Smøla. I dag er det sett ein kopi av steinen, i nærleiken av der han stod opprinneleg.

Stempel

Her kan du få stempel med Kulisteinen på. Den tel som eit av 6 nødvendige nøkkelstadsstempel for å få Olavsbrev når du kjem fram til Trondheim.

Turbok

Skriv deg gjerne inn i turboka for pilegrimar som ligg i same boksen som stemplet.

Kulisteinen er del av pilegrimsstaden Smøla

Det er ca. tre kilometer frå ankomst Edøya til Kuløy med Kulisteinen. Kulisteinen er et nasjonalt minnesmerke av høgaste klasse der kristninga av landet blir omtalt og riksnamnet Noreg blir nemnt for første gang. På steinen står det risset i runer: ”Tore og Hallvard reiste denne steinen etter (Ulvjlot)…. Tolv vintrar hadde kristendommen vore i Noreg…”.

Noregs dåpsattest

Truleg har slektningar reist steinen med tekst på til minne om ein avdød, og denne type innskrift er vanleg på runesteinane frå mellomalderen. Det spesielle her er at steinen kan daterast – og samtidig gi indikasjon på når kristendommen vart offisielt innført i Noreg. Skrift og språkforma på steinen tyder på ei datering til byrjinga av 1000-talet.

Mykje tyder på at Kulisteinen viser til Mostertinget som fann stad tidleg i 1020-åra, og steinen blir gjerne rekna som Noregs dåpsattest. Den originale kulisteinen med runeinnskrift står i dag i Vitenskapsmuseet i Trondheim, men ein kopi er sett opp på Kuløy på staden der Kulisteinen opphavleg ble funne. På Vitenskapsmuseet sine sider kan du lese meir om Kulisteinen.

Pilegrimsvandring til Kulisteinen

Det er fleire som vel å gå turen frå det regionale pilegrimssenteret til Kulisteinen. Det er nydelig utsikt frå den spektakulære brua på vegen til Kuli. Kanskje ser du ørn? 
Da går du langs hovedvegen der fergetrafikken går. Held deg godt i sida av vegen.