Lygra kirke
Nettsted
https://snl.no/Lygra_kirkeDet har vært kirke på Lygra helt fra middelalderen. Nåværende kirke er fra 1892. Den ligger høyt og fritt med utsyn over skipsleia og det særpregede lyngheilandskapet på Lygra. Kirken er rett i nærheten av nøkkelstedet Kongsgarden på Lygra /Lyngheisenteret.
Lygra Kyrkje
Lygra er ein av kyrkjestadene i Nordhordland frå mellomalderen. Kyrkja vart reist ved gamletunet på storgarden Lygra, med fritt utsyn over fjorden og landskapet kring. I skriftlege kjelder er det nemnt ei kyrkje her første gong i 1321. Seks år seinare vart Lygra kyrkje oppgjeve å vera annekskyrkje under Lindås. Annekskyrkjer utan eigen prest blei først vanlege som følgje av svartedauden og folketapet etter 1350. Kvifor kyrkja på Lygra ikkje hadde prest i 1327, er såleis noko usikkert. Kyrkja er oppført som soknekyrkje i jordeboka Bergens kalvskinn, truleg laga i 1350-åra, så vi må tru at her har vore prest tidlegare. Sannsynlegvis er Lygra mellom dei eldste kyrkjestadene i distriktet. Meir om kyrkja finn du på Digitalt Museum her:
Foto: Lauritz Haarr
Foto: Lauritz Haarr