Overnatting | Pilegrimsherberge

Pilegrimsherberge i Selje prestegard

Ligger langs Kystpilegrimsleia
Sertifisert pilegrimsovernatting

Foto: Helle Frogner

Selje prestegard er både pilegrimssenter og pilegrimsherberge med 12 sengeplassar. Herberget er tilgjengeleg heile året.

Her finn du enkel og rimeleg overnatting i herskaplege omgjevnader rett ved sandstranda Seljesanden, matbutikk, Klosterbåten til Selja og båt til Bergen.
Vi har to enkeltrom, tre dobbeltrom og ein sovesal med plass til fire senger. Romma har namn etter kjende personar som har budd i eller har tilknyting til Selje pesetegard: Sara Cold Frimann-rommet, Bernt Tunold-rommet, Wilhelm Frimann Koren-rommet, Claus Frimann-rommet, Maren Sørendatter Friis-rommet og Sunnivarommet.

Prisar

425 kr per pers. for dobbeltrom
575 kr for enkeltrom
300 kr for sovesal

Prisane inkluderer sengetøy og vask. Det er ikkje høve til å ta med eige sengetøy eller sovepose.

Du må booke rom seinast 3 dagar før ankomst i vintersesongen og 1 dag før ankomst i sommarsesongen (mid juni til mid august). Du må ha pilegrimspass eller vere ein del av ei organisert pilegrimsreise for å booke rom.

Førsespurnad om booking kan sendast på  e-post til selje@pilegrimssenter.no

Har du ikkje pilegrimspass, kan du få kjøpt det hos oss for 50 kr.

 

Betaling gjer ein med Vipps, Izettle / Paypal eller kort innanfor opningstid.

Utanfor opningstidene kan du betale med Vipps til nr 587349.

Kvittering må framleggjast før innsjekk og utlevering av kode til døra.

Ta kontakt med Selje Regionale Pilegrimssenter for hjelp og spørsmål.