Overnatting | Hotell

Skjerjehamn hotell

Ligger langs Kystpilegrimsleia
Sertifisert pilegrimsovernatting
Skjerjehamn er ein gammal handelsstad ved innløpet til Sognefjorden, og har vore eit viktig knutepukt for fiske, handel og industri i århundrar. Eit brev fra 1641 at det har vore gjestgiveri her lenge.

Adresse

Skjerjehamn 224, 5977 Ånneland

I dag kan du oppleve det historiske suset i Skjerjehamn og overnatte i den gamle sveitservillaenm eller pakkhuset ved bryggekanten. Begge er nyrestaurerte, men med sin opphavlege karakter frå 1800-talet. Sveitservillaen har totalt 17 enkle og doble rom, medan pakkhuset har 5 leiligheiter med plass til 7-8 prersonar. Her finst eit lite kjøken der du kan lage enkel mat.

Du kan også nyte eit kortreist og godt måltid i  restauranten, med eigenrøyka aure, spekemat og lokalbrygga øl.

Frå Skjerjehamn er det 50 km til Gulatinget med bil eller sykkel, og 6 nautiske mil til sjøs. Det går an å bestille båtskyss til Gulatinget om du ønskjer det. Skjerjehamn er stoppestad for hurtigbåten, og har ei god gjestehamn. og Kong Olav V ønsker deg velkommen når du kjem sjøvegen.

I landhandelen kan du leige både sykkel og SUP-brett. Du kan også leige badestamp. Om du heller har lyst på ein vandretur, kan du følgje den merka stien til Vestfjellet, 160 moh. Turen er enkel, med ulendt terreng og noko myr. Her treng du ikkje ruvande fjelltoppar for å få eit majestetisk overblikk over øyane og storhavet.

Prisar:
Ved framvising av pilgrimspass får du rabatt på overnatting. Oppgi dette ved booking. 
Prisar for pilegrimar:

Enkeltrom kr. 1590,-
Dobbeltrom kr. 1990,-
Leilighet 1-3 pers kr. 2490,- 
Leiligheit for 4-7 pers kr.  2990,-

Skjrejehamn hotell

Foto: Skjerjehamn hotell

Foto: Skjerjehamn hotell