Pilegrimsreise fra Stavanger til Røldal
Bli med på ein innhaldsrik tur med buss, båt og vandringar. Det blir gudstjenester, tidebøner, meditasjoner, samtaler og gode måltidsfellesskap. Turen endar i Røldal der me er med på Pilegrimsstevne som startar fredagen med eit historisk spel om pilegrimar. Lørdag er me med på mellom anna pilegrimsseminar, krossvandring og midnattsmesse.
NOK 10500
Nyttig lesetoff

Program
Tirsdag 1. juli kl. 11.00: Oppmøte ved Stavanger Domkirke. Du får ein lunchpakke. Praktisk informasjon. Liturgisk utsendelse. Så tek med buss til Askje og vandrar omlag to og ein halv time (7,1 km) til Utstein pilegrimsgard ved klosteret. Innkvartering på pilegrimsgarden og på Utstein kloster. Middag, tid for meir vandring og så til slutt kveldsbøn i klosterkyrkja. Onsdag 2. juli: Etter frokost på pilegrimsgarden kjøyrer med til Talgje kyrkje. Så kjøyrer med til Finnøy og Hesby kyrkje. Derifrå vandrar me omlag to timar til Judaberg (5,1 km) og tar båt til Jelsa. Her besøkjer me kyrkja og skulemuseet før me tek båt vidare til Sand. Innkvartering på Sand Fjordhotell. Middag og kveldsbøn i Sand kyrkje. Torsdag 3. juli: Etter frokost på hotellet vandrar me forbi Sandsfossen før me tek buss til Herabakka. Så vandrar med over skaret og vidare til garden Mokleiv (4 km) kor me får ein stopp på nokre timar. Til slutt er det buss til Nesflaten og innkvartering på Energihotellet kor me og et middag. Fredag 4. juli: Etter frokost på hotellet er det to alternativer. Sjå meir om desse under overskrifta Om vandringane. Middag på Skysstasjonen i Røldal og innkvartering i hytter. Om kvelden er det historisk spel om pilegrimar. Lørdag 5. juli: Pilegrimsstemne i Røldal. Tidebøner, stille time, bygdevandring, pilegrimsseminar, krossvandring (6,5 km), og midnattsmesse. Søndag 6. juli: Morgonsamling i kyrkja, frukost og avslutning. Turen sluttar her. Rutebuss og hurtigbåt tilbake til Stavanger. Rutebuss til Bergen eller Oslo. Deltakerane organiserer og betalar returreisa sjølv.

Praktisk informasjon
Tid: Tirsdag 1. juli - søndag 6. juli 2025. Arrangør: Utstein pilegrimsgard tlf. 468.15.769. Turleiarar: Espen Gya, Anne Netland og Reidunn Ferstad. Plass: 16 deltakerar. Overnatting: Pilegrimsgard/kloster/hotell/hytte. Oppredd seng. Pris: I dobbeltrom kr. 10.500. Tillegg for enkeltrom kr. 1.500. Prisen dekkjer utgifter undervegs og i Røldal. I tillegg kjem omlag kr. 400 for kollektivtransport. Påmelding: Innan 20. mai 2025 på Utstein pilegrimsgard sine nettsider: www.utsteinpilegrimsgard.no. Du vil få faktura tilsendt etter påmelding. Påmeldingar vert registrert fortløpande så lenge det er ledig plass. Sjå informasjon på Utstein pilegrimsgard om avmelding og refusjon. Ta med: Dagstursekk, termos, sitjeunderlag, høvelege klede og vanntette sko/fjellstøvlar.

Om vandringane
Kvar dag blir det vandringar, ofte langs veg, men nokre er i krevjande terreng. Nokre stader kan det være vått i marka, så vanntette fjellstøvlar er ein fordel. Bagasjen vert frakta med bil, men ein liten dagstursekk for niste kan være greit å ha med. Over Hylsskaret er det først 20 minutter bratt stigning, så eit flatare parti før bratt nedstigning. Vegen går til dels på mosegrodd stein. Til slutt går me eit strekk langs landevegen. Fredag 4. juli er det to alternativer: Ei ganske krevjande vandring på 5-6 timar over Suldalsskaret (8 km). Her går me i bratte bakkar, over lyng og stein, gjerne og over mindre snøskavlar og gjennom tett skog. Fleire stader må me hjelpa kvarandre over bekkar. Eller du kan velja å få sjå litt meir av Nesflaten-bygda før ein tur med buss gjennom dramatiske Brattlandsdalen og så komme til Røldal i god tid før fjellvandrarane kjem fram. Krossvandringa i Røldal på lørdag kveld går i ganske lett terreng, litt stigning i starten og så berre nedover bakke (6,5 km). Men her kan det være glatte steinar, så du må passe på kor du trør!
Andre turer i nærheten
[[ notice ]]
Vi fant ingen turforslag etter dine ønsker.
Prøv å filtrere på noe annet.