Grotlesanden

Ytst på Grotle på Bremanger finn du ei perle av ei sandstrand.

Her er det silkemjuk kvit sandstrand så langt auget ser. På «rivieraen» frå Hauge ut til Grotle er mange forskjellige små og store strender, men det er Grotlesanden som er den største og flottaste.

Her finns toalett og dusjanlegg.
Betalt parkering 50,- per dag.

Nærmaste overnatting, gjestehamn, kafé, resturant og butikk er ca 2 km vekk på Iglandsvik Marina. Her kan ein telte på tilrettelagte områder. På sjølve Grotlesanden er det ikkje høve til å sette opp telt.