Accommodation | Pilgrim hostel
Magnusgarden
Situated along Kystpilegrimsleia
Approved pilgrim accommodation
Bu på Lyngheisenteret sin eigen gard!
Frå Lyngheisenteret er det 4 minutt å gå til Magnusgarden, som har overnattingsplassar til 16 vaksne. Dette er ikkje eit hotell, men eit gardshus frå 1913. Her er det inga lysforureining og du kan sjå stjernehimmelen ekstra klårt. Her er stille og fredeleg, med utsikt over fjorden, berre eit par minutt frå utmarka og turstiane på Ytre Lygra. Kort veg til badevik og gode fiskeplassar. Sjekk inn og pust ut. Lag din eigen mat på kjøkkenet eller besøk Matstova på Lyngheisenteret i opningstida og kjøp deg eit måltid der, basert på lokale råvarer.
Address
Lyngheisenteret, Lurevegen 1575, Ytre Lygra, 5912 Seim
Phone
56356410