Kirke

Eivindvik kyrkje

Ligger langs Kystpilegrimsleia

Vidar Vie

Eivindvik er ein av dei eldste kyrkjestadene i landet. Eivindvik eller Gulen kyrkje er ei langkyrkje frå 1863. Den første kyrkja i Gulen skal vere bygd av Håkon Håkonsson på 1200-talet for dei som deltok på Gulatinget. Kyrkja er open for pilegrimar kvar dag i sommarsesongen.

Den første kyrkja låg truleg på same stad som den gamle hovstaden i Eivindvik. Gudstenestene skal også ha vore haldne ute ved steikrossane. Kyrkja var i privat eige frå 1720-talet til 1862, då enka etter prost Dahl selde den tilbake til soknet. 15. juni 1863 vart kyrkja seld på tvangsauksjon og inventaret spreidd rundt i prestegjelet. Prost Dahl var ein ivirig forkjempar for nytt kyrkjebygg, som kom opp i 1863 etter hans død. Kyrkja er teikna av arkitekt Georg Anreas Bull, og vart ombygd av Johan Lindstøm i 1938. Den kubistiske døypefonten skal vere frå 1000-talet. Frå 1600 til 1905 stod døypefonten ved sidan av steikrossen ved kyrkjegardsporten. Ei segn fortel at sogningane spente dåpsfatet ut av hendene på prestane då dei skulle kristnast. Kong Olav Haraldson let difor byggje ein solid døypefont av den same steinen som dei to krossane.

Kyrkja er ein del av den digital kulturvandringa i Eivindvik.