Sjøglytt
Sjøglytt ligg i eit spanande og verdifullt kulturlandskap! Vestland og Rogaland fylkeskommunar har saman etablert prosjektet Knutepunkt for kunnskap. Dagsturhytta er nytta som arena for kunnskapsdeling om kulturlandskapet kring hyttene. Vestland og Rogaland fylkeskommunar har saman etablert prosjektet Knutepunkt for kunnskap.
Dagsturhytta er og eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.
Det er gratis å parkere i Selje, og du kan parkere i sentrum eller ved skulen. Kjem du padlande, kan du parkere kajakken ved BUA/Seljesanden, og for båtreisande er det gjestehamn i Seljevågen.
Stien til hytta
Ein kan parkere på turistinformasjonen og følgje skilta derfrå. Turen opp sjølve stien tek 10 - 30 minutt avhengig av tempo. Kjem du med buss? Gå av ved busskuret ved Selje skule. Båt: Gå frå hamna mot Seljesanden. Då ser du løypa opp bakken.
Turen startar i Skogavegen rett ved skulen. Du går ca. 100 meter på vegen i retning mot kyrkja. Då vil du sjå skilt og starten på trappa mot Risnakken på høgre side av vegen. Det er bratt, men gode trappetrinn. Løypa er lyssett og kan nyttast heile året. Frå Risnakken er det merka sti vidare mot Kvenshusdalen (der er fiskevatn) og vidare til nest høgaste toppen i Selje: Tarvaldseggja. Du kan også ta det som ein liten rundtur. Det går turveg frå Risnakken og vidare bak mot Djupedalen. På Risnakken er det også utandørs treningsapparat, ein gapahuk og leikeområde. Og ikkje minst ei fantastisk utsikt mot Selje sentrum, sanden, Selja, Stadhalvøya og Stadthavet.
Hytta ligg på om lag 135 moh.
For meir informasjon: UT.no