Florø - Svanøy - Kinn med lokalbåt og vandring
Foto: Knut Magne Nesse

Foto: Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Foto: Tonje Ramse Trædal
Dag 1 Florø - Svanøy
Turen startar i Florø, Noregs vestlegaste by, bygd opp rundt det rike sildefisket på 1860-talet. Florø er administrasjonssentrum i Kinn kommune, og har både flyplass og anløp med hurtigbåten frå Bergen. Om du tek båten kl 08.00 frå Bergen, er du framme i Florø kl 11.33 på kvardagar. Sjekk ut andre avgangstider i helgene.
Om du ønskjer å ha litt tid i Florø, kan det vere lurt å legge turen innom turistinfomasjonen for tips. Du kan for eksempel besøke Kystmuseet, som ligg ein fin spasertur frå Florø sentrum. Du kan legge frå deg bagasjen i gratis oppbevaringsboksar i venterommet i Florø hamn. Florø har også mange hyggelege kaféar, og eit eige bryggeri. Om du ønskjer ei ekstra natt i byen før du reiser vidare, kan du overnatte på pilegrimshotellet Kinn hotell.
Ta lokalbåt frå Florø hamn til Svanøybukt hamn. Søk opp aktuelle avgangstider på https://www.skyss.no/. Du kan kjøpe billettar ombord på båten, eller på Skyss-appen.
På kaia i Svanøybukt ligg den døgnopne nærbutikken Svanøy handel, som også har turistinformasjon. Her kan du få stempel i pilegrimspasset ditt og få eit kart over øya. På kartet finn du avmerk anbefalte turstiar, badeplassar og teltplassar. Du kan også leige syklar her og utforske denne særeigne og frodige øya. På sørsida av øya ligg Svanøy hjortesenter, som er eit nasjonalt kompetansesenter for hjort. Her kan du etter avtale få omvising og servering, og møte den tamme tunhjorten Hjorthild. Øya har store skogar, og du finn fleire minne etter gruvedrift.
10 minutts spasertur frå kaia i Svanøybukt finn du majestetiske Svanøy hovedgård, som har vore både bispegodt og administrasjonssenter i ytre Sunnfjord. Frå 1800-talet dreiv Hans Nielsen Hauge og Haugianarrørsla godset som eit mønsterbruk. Stavkyrkja frå 1100-talet og den seinare ei krosskyrkja ved Svanøy hovedgård er begge borte i dag, men på kyrkjegarden finn du ein steinkross frå tidleg 1000-tal hoggen i Hyllestad. Dette er ein av få steikrossar med runeinskripsjon.
På Svanøy hovedgård er det pilegrimsovernatting i eldhuset, med kjøken der du kan lage din eigen mat. Om du ønsker eit meir fasjonabelt opphald, kan du bestille rom i hovudhuset med frukost og middag i restauranten. Dette må du bestille på førehand.

Foto: Laila Anita Schonhardt
Dag 2 Svanøy - Florø - Kinn
Etter ei god natt på Svanøy, tek du båten frå Svanøybukt til Florø. Sjekk ut evt andre avgangstider på https://www.skyss.no/. Hugs å bestille skyss på båten eller tlf 94 83 86 99 for båtturen tilbake frå Kinn til Florø dagen etter.
Hugs å handle mat på Svanøy eller i Florø før du reiser vidare med ny båt frå Florø til øya Kinn. på Kinn er det nemleg ingen matbutikk. Sjekk avgangstider frå Florø hamn til Kinn kai https://www.skyss.no/
Når du kjem i land på Kinn, følgjer du ein grusveg til høgre utover mot Kinn kyrkje, ca 15 minutts spasertur. På vegen passerer du DNT-hytta i Kinn skulehus eller Kinn gjestehus der du kan sjekke inn og setje frå deg bagasjen før du går vidare ut til Kinn kyrkje frå 1100-talet. I sommarsesongen blir du møtt av eit frivillig vertskap som kan fortelje deg om kyrkje si spennande historie. Det er tidebøn i kyrkja to gonger om dagen. Kvar sommar i juni blir Kinnaspelet sett opp i amfiet ved kyrkja. Om du er i området på dette tidspunktet, er det vel verd å få med seg!
Du får pilegrimsstempel for nøkkelstaden Kinn i kyrkja eller i postkasse utanfor kyrkjestova. Det er også eigne stempel på overnattingsstadene på Kinn.
Frå Kinnakyrkja går det ein flott tursti rundt heile øya, der du mellom anna passerer skaret ved fjellformasjonen Kinnaklova, som har vore eit kjend sjømerke i uminnelege tider. Turen tek ca 2 timar, og er ein rundtur som tek deg tilbake til ovenattingsstaden din. På vegen får du ei spektakulær utsikt til kystlandskapet og øyriket i Sunnfjord, men veret kan bli friskt. Hugs difor gode turklede som toler både vind og vatn.
Dag 3 Kinn - Florø
Nyt dagen, stilla, havet og naturen på Kinn. Sjekk avgangstider for båten tilbake til Florø her https://www.skyss.no/, og hugs å bestille båt frå Kinn på tlf 94 83 86 99. Om du tek ettermiddagsbåten, kan du avtale bagasjeoppbevaring med vertskapet, smøre deg niste og ta ein tur på Kinnafjellet.
Om du skal vidare med hurtigbåt til Bergen, må du ta ein båt frå Kinn som korresponderer med denne. Det går ein båt frå Florø kl 17.00 frå Florø hamn, og er framme i Bergen kl 20.45.
God tur i dette vakre og historiske øyriket!
Dette kan du oppleve på denne turen
-
Transport
Florø lufthamn
Kystpilegrimsleia -
Museum
Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Kinn Hotell
Kystpilegrimsleia -
Båt
Florø hamn
Kystpilegrimsleia -
Båt
Svanøybukt kai
Kystpilegrimsleia -
Matbutikk
Svanøy Handel
Kystpilegrimsleia -
Nøkkelsted
Svanøy hovedgård i Kinn kommune
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Pilegrimsherberge på Svanøy hovedgård
Kystpilegrimsleia -
Båt
Båtkaia på Kinn
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Kinn Gjestehus
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Kinn Skulehus
Kystpilegrimsleia -
Nøkkelsted
Kinn kyrkje i Kinn kommune
Kystpilegrimsleia
Andre turer i nærheten
[[ notice ]]
Vi fant ingen turforslag etter dine ønsker.
Prøv å filtrere på noe annet.