På sykkel frå Gulatingsparken til Kvernsteinsparken laurdag 1. august 2026
Bli med på sykkeltur frå Gulatinget til Hyllestad Kvernsteinspark! Nøkkelstaden Gulatinget inviterer til ein sosial fellestur langs delar av Kystpilegrimsleia, med flott natur, lokal historie og godt fellesskap undervegs.
Bli med på sykkeltur
Flolid - Eivindvik - Rutledal - Hyllestad
Vi møtest ved Gulatingsparken på Flolid og startar kl. 10.00. Derfrå syklar vi via Eivindvik og Dingja til Rutledal. Ferja går frå Rutledal kl. 12.10, og vi reknar med å vere framme ved Kvernsteinsparken i Hyllestad ca. kl. 13.30/14:00.
I Hyllestad deltek vi på delar av programmet til Nøkkelstaden Hyllestad Kvernsteinspark, som denne helga arrangerer olsoksvandring i Ytre Sogn og Sunnfjord. Der blir det mellom anna omvising i Kvernsteinsparken kl. 14.00 og kulturprogram i Hyllestad kyrkje kl. 15.30 med kyrkjekaffi, musikalske innslag, familieaktivitetar og foredraget «Myrgravene i Guddal – eit mellomaldermysterium».
Hyllestad kyrkje
Retur Hyllestad- Rysjedalsvika - Sollibotn/Rutledal
Vi syklar til Rysjedalsvika. Derfrå kan ein rekke
– båt til Sollibotn, avgang kl. 18.35
– ferje til Rutledal. Avgang kl. 18.55
Turfølget blir løyst opp og kvar deltakar ordnar sjølv siste delen heim derifrå.
Ein kan og overnatte på Sogn Hostell, delta på felles middag der og sykle/vandre til Korrsund der det er friluftsgudsteneste søndag 2 august.
Kvernsteinsparken i Hyllestad
Olavskrossen i Korssund
Praktisk informasjon om sykkelturen
Det blir sykling i roleg turtempo, og turen er lågterskel, men du må sjølv vurdere eigne føresetnader for å halde følgjet og rekke ferja. Turleiar er Halvor Brosvik, og det blir også følgebil undervegs.
Det er ingen deltakaravgift for turen, men kvar og ein betalar for ferje, mat og evt overnatting.
Tips for ein god sykkeltur:
- Kontroller sykkelen din før turdagen. Vask, smørje kjede, sjekke bremser, gir og hjul.
- Obligatorisk med sykkelhjelm
- Ta med niste, drikke, klesbyte, solbriller, solkrem og ekstra sykkelslange.
- Deltaking skjer på eige ansvar. Føl rettleiing frå turleiar for ein sikker og fin tur.
Sykkelturen følgjer delar av ruta omtalt i dette turforslaget
Det er også mogleg å bli med vidare på nøkkelstadgruppa i Hyllestad si Olsokvandring til Korssund