Gulatinget - Askvoll på sykkel
Foto: Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Foto: Vidar Vie

Foto: Mariann Elde
Dag 1: Bergen - Eivindvik - Gulatinget - Dingja
Dag 1: Bergen - Eivindvik - Gulatinget - Dingja
På denne turen må du ha med eigen sykkel. Sykkelturen startar i Eivindvik, kommunesenteret i Gulen kommune på sørsida av Sognefjorden. Her ligg også nøkkelstaden Gulatinget, ein av dei elste tingstadane i Norden frå 900-1300-talet.
Om du kjem til Eivindvik med båt frå Bergen, kan ta med deg sykkelen på ein av dei to hurtigbåtane til Nordfjord eller Sogn. Begge har avgang kl 08.00, og båtturen tek rundt 1,5 timar. Du går av båten i Sollibot, og følgjer ein gruslagt turveg 2,5 km til du kjem til borgstova like ved kyrkja i Eivindvik sentrum. Her kan du stemple pilegrimspasset ditt og finne meir informasjon om området.
I Eivindvik står to seinkrossar frå tidleg 1000-tal, begge hogde i Hyllestad. Den angliske steinkrossen er står på Krossteigen ovanfor kommunehuset, og Den keltiske steinkrossen står ved porten til Eivindvik kyrkje. Kyrkja er open kvar dag i sommarsesongen. I Eivindvik sentrum kan du også følgjen ein kultursti på kulturvandring.no. Denne tek deg mellom anna Herresalen der prost Nils Griis Alstrup Dahl budde og arbeidde i første halvdel av 1800-talet. Han var prest i Gulen, stortingsmann og ivrig folkeopplysar. Henrik Wergeland skriv om han i diktet Eivindvig.
Om du er svolten, finst det ein kafèkrok i butikken i Eivindvik med kaffiautomat. I sommarsesongen får du også kjøpt mat på Eivindvik brygge. Neste stopp er Gulatinget på Flolid, 4 km aust for Eivindvik. Her har kunstnaren Bård Breivik sett opp det monumentale verket sitt "Tingveggen" til minne om Gulatinget som truleg vart halde her. Det er også ein park og formidlingsarena her, og du kan stemple pilegrimspasset ditt. Det er ikkje servering her, så hugs å ta med niste om du treng det.
Etter besøket på Flolid tek du same veg tilbake til Eivindvik. Her kan du ovrenatte på Eivindvik brygge, eller du kan sykle tilbake til Sollibotn og deretter 6,5 km vidare innover Sognefjorden til Dingja. Vegen her er slynger seg vakkert langs fjorden med flott utsikt. Du kan handle mat på landhadelen i Dingja, men hugs å sjekke opningstidene. Tek du kontakt med vertskapet før du kjem, kan du avtale innkjøp. Alternativt kan du handle i Eivindvik. I Dingja er det også moglegheit å leige badstove og ta eit bad i Sognefjorden.

Foto: Tonje Ramse Trædal

Foto: Tonje Ramse Trædal

Foto: Tonje Ramse Trædal
Dag 2: Dingja - Hyllestad - Sørbøvåg
Frå Dignja syklar du 16 km vidare innover langs Sognefjorden til Rutledal ferjekai, og tek ferje over til Rysjedalsvika. Ferja går med 1-3 timars mellomrom, så sjekk avgangstidene på https://www.skyss.no/. Det er noko stigning på delar av vegen, så berekn god tid.
Frå ferjekaien i Rysjedalsvika syklar du 6,5 km langs Fylkesveg 57 til Leirvik, og tek deretter av til venstre på Fylkesveg 607 mot Hyllestad. Etter 7,4 km er du framme ved Kversteinsparken i Hyllestad. Dette er Nord-Europas støste steinbrot frå mellomalderen, og var i drift heilt frå 700-talet og fram til byrjinga av 1900-talet. Kvernsteinar vart send frå Hyllestad til store delar av Europa, og mange av dei store steinkrossane langs kysten vart også hogde ut her. Kvernsteinsparken er open heile året, med vertskap i sommarsesongen. Her får du stempel i pilegrimspasset ditt.
Frå kvernsteinsparken er det ein fin spasertur på den gamle vegen til Hyllestad gamle kyrkjegard. Her finn du tre mindre steinkrossar frå mellomalderen plassert i hjørnene på kyrkjegardsmuren. Du kan også besøke Hyllestad kyrkje der det er finst eit fragment av endå ein steinkross. På vegen kan du også stoppe ved Åfjordstein der du kan få kjøpt lokalproduserte steinprodukt av same materiale som dei gamle steinkrossane. Kontakt innehavaren for å opne butikken. Om du ønskjer ei levande innføring i historia, kan du bestille omvising eller andre aktivitetar hos https://vikingfootprints.com/.
Etter besøket i Hyllestad syklar du 10 km utove langs Åfjorden til pilegrimsherberget Sogn Hostel. Her er det god plass og stort kjøken der du kan lage din eigen mat. Du kan handle mat på Sørbøvåg landhandel 2 km lengre ute, eller på Spar i Hyllestad på vegen.

Foto: Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Foto: Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Dag 3: Sørbøvåg - Korssund - Askvoll - (Atløy) - Eivindvik/Bergen
I Korssund i Fjaler kommune skal Olav Haraldsson i følgje segna ha opna berget for å segle igjennom sundet, og reist den største og kanskje flottaste av alle steinkrossane på Vestlandet.
For å komme hit syklar du først 21 km utover fjorden langs fylkesveg 61, og tek deretter til venstre 3,2 km langs Korssundvegen. Etter å ha besøkt Olavskrossen kan du kjøpe deg lunsj og nytte sanitæranlegget i den gamle gjestgivargarden som no husar Joker Korssund og gjestehamn.
Vegen vidare går først tilbake til fylkesveg 61, før du tek til venstre mot Fure ferjekai og tek du ferja til Askvoll. Ferja går med 3-4 timars mellomrom, så hugs å sjekke ferjetidene på https://www.skyss.no/. Dersom du tek ferja frå Fure kl 15.50 på kvardagar, er du i Askvoll kl 16.10, og rekk hurtigbåten frå Asvoll sørover mot Eivindvik eller heilt til Bergen kl 17.40. Sjekk rutetider for hurtigbåten her https://www.norled.no/hurtigbat-ferje/
Tek du ei seinare ferje frå Fure, kan du overnatte på Askvoll fjordhotell til dagen etter, og legge inn eit besøke til den vesle steinkrossen utanfor Vilnes kyrkje på Atløy. Ferja frå Askvoll til Gjervik på Atløy går kvar time. Sjekk avgangar på https://www.skyss.no/. Når du er tilbake i Askvoll, kan du ta hurtigbåten tilbake til Eivindvik eller Bergen.
God tur!
Dette kan du oppleve på denne turen
-
Båt
Strandkaiterminalen i Bergen
Kystpilegrimsleia -
Nøkkelsted
Gulatinget i Gulen kommune
Kystpilegrimsleia -
Kulturminne
Den keltiske steikrossen
Kystpilegrimsleia -
Kulturminne
Den angliske steinkrossen
Kystpilegrimsleia -
Kulturminne
Borgstova
Kystpilegrimsleia -
Kulturminne
Herresalen i Eivindvik
Kystpilegrimsleia -
Matbutikk
Spar Eivindvik
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Eivindvik Brygge
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Dingja
Kystpilegrimsleia -
Nøkkelsted
Kvernsteinsparken i Hyllestad
Kystpilegrimsleia -
Kulturminne
Hyllestad gamle kyrkjegard
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Sognhostel
Kystpilegrimsleia -
Kulturminne
Olavskrossen i Korssund
Kystpilegrimsleia -
Kirke
Vilnes kyrkje
Kystpilegrimsleia
Andre turer i nærheten
[[ notice ]]
Vi fant ingen turforslag etter dine ønsker.
Prøv å filtrere på noe annet.