Vandring på Sunnivaleia mellom Kinn og Selja
Foto: Tonje Ramse Trædal

Foto: Knut Magne Nesse

Foto: Tonje Ramse Trædal
Dag 1: Florø - Kinn
Turen startar i Florø. Hit kjem du deg med både bil, hurtigbåt frå Bergen og fly til Florø lufthamn. Om du kjem dagen før, kan du overnatte på f.eks. Kinn hotell i Florø.
Frå Florø tek du lokalbåt frå Florø hamn til Kinn kai. Sjekk avgangstider på skyss.no. Merk at det er andre avgangstider om sommaren enn resten av året.
Frå kaia på Kinn følgjer du merka veg til høgre og går ca 10 minutt til du kjem til overnattingsstadene Kinn skulehus og Kinn gjestehus. Det er ikkje butikk på øya, så hugs å handle inn mat og andre varer i Florø. På Kinn gjestehus er det mogleg å førehandsbestille middag eller innkjøp av varer.
Kinn kyrkje ligg ca 10 minutt vandring vidare vestover mot havet. I sommarsesongen blir du møtt av eit frivillig vertskap som held opa kyrkje med omvising og tidebøn. Denne vakre steinkyrkja frå 1100-talet er framleis i bruk. I slutten av juni blir Kinnaspelet framført i amfiet utanfor kyrkja.
Frå kyrkja kan du følgje ein merka sti rundt heile øya, gjennom skaret Kinnaklova som har vore seglingsmerke i uminnelege tider. Her har du vidt utsyn over havet og kystlandskapet. Turen rundt øya tek ca 2 timar. Hugs gode sko og klede som toler vestlandsvêr.
Det er stempel for nøkkelstaden i Kinn kyrkje eller i postkassa ved kyrkjestova, og også eigne stempel på overnattingsstadene.

Foto: Tonje Ramse Trædal
Dag 2: Kinn - Smørhamn - (Kalvåg)
Ta båten tilbake til Florø. Sjekk rutetider på skyss.no, og hugs å bestille henting på førehand frå Kinn kai før båten reiser frå Florø. I Florø hamn tek du ein ny båt (Norled Bergen-Selje eller Kystvegekspressen) til Smørhamn kai. Her startar neste etappe av Sunnivaleia.
Du kan gå ca 1,5 km, ta bussen som korresponderer med hurtigbåten i retnig Kalvåg og gå av ved Smørhamn gamle handelsstad, eller bestille henting av vertskapet i Smørhamn gamle handelsstad. Her er det innreidd leiligheiter i dei gamle sjøbuene der både kongar og ferdafolk har søkt hamn i over 350 år. Her kan du lage din eigen mat, men hugs å handle i Florø. Det er også ein matbutikk i Kalvåg 3 km om du ønskjer å gå dit.
Kalvåg er eit sjarmerande fiskevær på øya Frøya, og mange av bygningane er i nyare tid restaurerte til Knutholmen hotell og restaurant. Galleriet til den fantasifulle vestlandskunstnaren Oddvar Torheim i Kalvåg er også vel verd eit besøk. Den gamle vegen forbi Frøya kyrkje ut til Kalvåg er ei fin vandring, og kan f.eks. kombinerast med buss den eine vegen.
Pilegrimsstempel finn du på Smørhamn gamle handelsstad og i Frøya kyrkje. Desse er ikkje nøkkelstader.

Foto: Tonje Ramse Trædal
Dag 3: Smørhamn - Iglandsvik - Grotle
Like nord for Smørhamn gamle handelsstad startar den merka leia til Sunnivaleia over Bremangerlandet, Mellom Smørhamn og pilegrimsherberget Havlys Bed and Breakfst i Iglandsvik er det ca 20 km, dels på merka stiar i terrenget og dels på asfaltveg. Sjå ei detaljert skildring av ruta her. Følg merkinga til Sunnivaleia.
Frå Iglandsvik er det 2,5 km å gå i vakkert kystlandskap til den idylliske stranda Grotlesanden. Langs vegen ligg også den gamle kyrkjegarden der mellomalderkyrkja på Grotle stod. Kyrkjegarden er nyleg er restaurert med gode informasjonstavler, og vel verd eit besøk.
Du finn stempel i pilegrimsherberget.

Foto: Tonje Ramse Trædal
Dag 4: Iglandsvik - Måløy
Ved Bremanger kyrkje på Hauge finn du igjen ein merka sti på Sunnivaleia. Denne følgjer du nordover og etappevis langs bilvegen langs Dalevatnet, før du igjen følgjer merka sti langs den gamle postvegen frå Klungreset til ferjeleiet på Oldeide. Denne delen av vandringa går over eit fjellparti med utsyn over ytre del av Nordfjorden, og kan vere litt bratt enkelte stykke. Frå Iglandsvik til Oldeide er det ca 16 km.
Sjekk ferjetidene frå Oldeide til Måløy på skyss.no
I Måløy kan du overnatte på hotell, campingplass eller bestille transport ut til pilegrimsherberget på vakre Ulvesund fyr.
Du finn pilegrimsstempel ved Bremanger kyrkje og pilegrimsherberget Ulvesund fyr.

Foto: Tonje Ramse Trædal

Foto: Stad kommune
Dag 5: Måløy - Berstaddalen - Selje
Frå Måløy bussterminal tek du buss det første stykket til Totland kyrkje. Her går du ca 30 minutt langs vegen til Rimstad, der det er merka sti for Sunnivaleia langs den gamle pilegrimsvegen og postvegen over Berstaddalen mot Selje. Turen er på ca 18 km og tek rundt 7 timar. Merk at det ikkje er dekning for mobiltelefon delar av vegen. Delar av året kan stien vere våt, og du må rekne med å krysse fleire bekkar. Det kan vere ein fordel å ha med vandrestav. Du kan lese ei meir detaljert skildring her. Frå Berstad er det ca 5,6 km til Selje. Du kan gå langs bilvegen, eller avtale transport med taxi eller Selje pilegrimssenter.
Selje pilegrimssenter held til i Selje prestegard, og her er det både pilegrimsherberge, kafè og pilegrimsmottak. Du kan få stempel både Olavspasset og Sunnivapasset i Selje prestegard, som er open kvar dag i sommarsesongen. Ta kontakt med pilegrimssenter for avtale utanom sesongen.
Du kan også besøke Selje kyrkje, som er open kvar dag i sommarsesongen. Du får stempel for nøkkelstaden Selja kloster både i Selje prestegard, Selje kyrkje og ved kaia i klostervågen og Bø på Selja.

Foto: Visit Nordfjord
Dag 6: Selja - Florø
Frå hamna like nedanfor Selje prestegard går det båt ut til Selja kloster på den vesle øya Selja. Avtal oppbevaring av bagasjen din i Selje prestegard medan du er på øya. Båtturen tek rundt 10 minutt, og du kan bestille billettar på nettet hos Klosterbåten. Båten går to gonger dagleg i sommarsesongen, med omvising i klosterruinane.
Utanom sesong kan du bestille transport med Klosterbåten for større grupper, eller du kan ta lokalbåten til Bø på austsida av øya. Sjekk rutetidene mellom Selje kai og Seljeøya på skyss.no. Dette er ei bestillingsrute, så hugs å bestille skyss dagen før.
Dersom du har våttkort, kan du låne kajakk hos BUA i Selje og padle ut til Bø på austsida av øya, og gå langs den gamle klosterstien det siste stykket.
Det er også mogleg å gå av Klosterbåten på Bø og gå over øya til klosteret. Turen tek ca 25 minutt. Stien er freda, og er like gammal som klosteret og heilaganlegget. Her har pilegrimar vandra i tusen år.
På Selja kan du besøke både klosterruinane frå tidleg 1000-tal, det mektige terrasseanlegget med ruinane av Sunnivakyrkja der skrinet med Sta. Sunnivas relikviar stod, og hola der Sta. Sunniva i følgje legenda leid martyrdøden.
Dersom du er her rundt 8. juli, kan du oppleve Seljumannamesse i klosterruinane.
I Selje kan du ta hurtigbåt tilbake til Florø der turen starta, eller vidare sørover til Bergen. Med mindre du ønskjer å bli lenger og utforske Stadlandet, pilegrimsvegen over Dragseidet og Kystpilegrimsleia vidare nordover.
God tur!
Dette kan du oppleve på denne turen
-
Båt
Florø hamn
Kystpilegrimsleia -
Nøkkelsted
Kinn kyrkje i Kinn kommune
Kystpilegrimsleia -
Båt
Smørhamn kai
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Smørhamn Handelsstad
Kystpilegrimsleia -
Kirke
Frøya kyrkje
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Knutholmen hotell
Kystpilegrimsleia -
Grotlesanden
Kystpilegrimsleia -
Kulturminne
Grotle gamle kyrkjegard
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Havlys Bed & Breakfast
Kystpilegrimsleia -
Kirke
Bremanger kyrkje
Kystpilegrimsleia -
Båt
Oldeide ferjekai
Kystpilegrimsleia -
Båt
Måløy ferjekai
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Thon partner hotell Måløy
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Ulvesund Fyr
Kystpilegrimsleia -
Transport
Måløy bussterminal
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Pilegrimsherberge i Selje prestegard
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Selje camp og hyttesenter
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Seljebuda
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Sætren Rorbuer
Kystpilegrimsleia -
Kirke
Selje kyrkje
Kystpilegrimsleia -
Pilegrimssenter
Regionalt Pilegrimssenter Selje
Kystpilegrimsleia -
Nøkkelsted
Selja kloster i Stad kommune
Kystpilegrimsleia -
Båt
Klosterbåten
Kystpilegrimsleia -
Båt
Selje hurtigbåtkai
Kystpilegrimsleia
Andre turer i nærheten
[[ notice ]]
Vi fant ingen turforslag etter dine ønsker.
Prøv å filtrere på noe annet.