Vandring på Sunnivaleia mellom Kinn og Selje
Tonje Ramse Trædal
Dagsplan
Dag 0. Laurdag 20. juni
Frammøte på Kinn hotell i Florø. Innsjekking frå kl 14.
Denne dagen er ikkje mat inkludert i prisen.
Overnatting på Kinn hotell i Florø.
Dag 1. Søndag 21. juni
Florø- Kinn – Florø – Smørhamn.
Båt til Kinn – Kinnaspelet og gudsteneste i Kinnakyrkja – vandring rundt øya - retur til Florø - vidare med ekspressbåt til Smørhamn. For det aller meste terreng.
Overnatting på Smørhamn handelsstad.
Dag 2. Måndag 22. juni
Vandring til og frå Frøya kyrkje og det gamle fiskeværet Kalvåg med Knutholmen hotell. Mykje asfalt.
Overnatting på Smørhamn handelsstad.
Dag 3. Tysdag 23. juni
Smørhamn – Ryland – Hauge. Ca 20 km. Nokolunde like mykje asfalt som terreng.
. Overnatting på Havlys Bed & Breakfast.
Dag 4. Onsdag 24. juni
Hauge – Oldeide – Måløy – Fjordly. 16 km til Oldeide.
Vandring til Oldeide, mest terreng, noko asfalt. Ferje kl. 15.15 frå Oldeide til Måløy.
Buss direkte frå Måløy til Fjordly på Totland.
Overnatting på Fjordly ungdomssenter.
Dag 5. Torsdag 25. juni
Vandring langs den gamle pilegrimsvegen Totland – Rimstaddalen – Berstad/Selje. 18 km. Eit par km med asfalt, elles
terreng. Kan ha nokre våte parti.
Overinatting i Selje prestegard
Dag 6. Fredag 26. juni
Bilskyss til Dragseidet (ca 18 km). Vandring lagns den gamle kyrkjevegen over fjellet til Selje. Terreng med kystlynghei til
Liseth, 2 km asfalt til Selje sentrum.
Overnatting i Pilegrimsherberge i Selje prestegard
Dag 7. Laurdag 27. juni
Båt til øya Selja. Vandring på Selja frå Bø til Selja klosterm ca, 25 minutt. Gudsteneste i Sunnivahelleren. Terreng. Avslutningsmiddag i Selje prestegard.
Overnatting i Pilegrimsherberge i Selje prestegard
Vandringa er slutt – men:
Søndag 28. juni
Sidan det er vanskeleg med offentleg kommunikasjon frå Selje laurdag ettermiddag, er overnatting til søndag inkludert i prisen. Ekspressbåt går frå Selje til Bergen søndag kl 1510.
Det kan koma små endringar i programmet.
Pris og påmelding
Pris: kr 8500. Av desse kr 1000 så snart som råd, og 7500 innan 1. juni. Konto 3705.25.51197 til
Pilegrimsfellesskapet St. Sunniva. Sparebanken 1 Sogn og Fjordane
Vandreleiarar: Jorund Levorstad og norsk/tyske Steinar Pettersen. Prest er med.
Krav til fysisk form: Ein må vere i stand til å gå med dagstursekk opp til 20 km per dag i varierande terreng.
Pilegrimsfellesskapet Sta. Sunniva er ikkje ein offisiell tur-arrangør, og derfor er dette heller ikkje ein arrangert tur i reiseliv-forstand. Det er det vanlege opplegget med pilegrimsvandringar. Det inneber at alle går på eigen risiko. Om eit uhell eller ei ulukke skulle skje, er kvar ansvarleg for seg og må forhalda seg til sin eigen eventuelle skadeforsikring. Les meir om turen og Sunnivaleia på https://sunnivaleia.no/
Påmelding til Kari Leine Balog, tidlegare sokneprest i Selje. Tlf 97 54 34 66. karileineb@gmail.com eller kl-balog@online.no
Korleis kome seg til Florø og frå Selje
Korleis koma til Florø:
Det er flyplass i Florø, trafikkert av Danish Air Transport.
Daglege bussavgangar Oslo – Florø, trafikkert av VY, ev. med lokalbuss på strekninga Førde - Florø
Ekspressbåt frå Bergen kl 0800 og 1630 på kvardagar. Laurdag og søndag berre ein avgang, kl 1415 laurdag og 1630 søndag. Hurtigruta har også stopp i Florø og i Måløy.
Korleis koma frå Selje:
Ekspressbåten frå Selje brukar halvannan time til Florø, 5 timar til Bergen. Båten går til Bergen søndag kl 15.10 og måndag (alle kvardagar) kl 06.50 og 15.15. Laurdag berre kl 06.50.
Dag- og nattbuss dagleg frå Måløy til Oslo.
.............................................................................
Andre opplysningar
Dagsrytme: Frukost kl 8. Lita samling før avgang. Vandrestart kl 9.
Niste må smørjast ved frukost, termosar fyllast.
Pilegrimspreg: 2-3 korte samlingar pr dag med song, bibellesing og bøn. - NB! Frivillig.
Gruppa går i stille og ettertanke fyrste timen etter avgang. Elles stille fyrste halvtimen etter stopp med åndeleg preg.
Det er fullt lovleg å seia frå om ein ynskjer å gå i fred utanom dette.
Klokkeslett under vandringa er omtrentlege, unnateke kystbåt- og ferjetider.
Kvar har med:
Sovepose. Dagstursekk. Større bag eller koffert. Sko til terreng og sko til asfalt.
Plaster. Insekt- og flåttvern. Handduk. Regnklede! Hårfønar er god til skotørk. Eventuelt vaskepulver til handvask av kle, kleklyper eller sikkerhetsnåler. Sandalar eller lette sko til kveldsbruk.
Gode vind- og regntette turklede. Hatt er tradisjonelt pilegrimsutstyr, og kan vera nyttig.
Terrenget er til tider ulendt, og stav er sterkt tilrådd.
Bagasjen vert frakta.
Sunnivaleia
Les meir om Sunnivaleia på https://sunnivaleia.no/
Du finn også ei skildring og kart over ruta her
Andre turer i nærheten
[[ notice ]]
Vi fant ingen turforslag etter dine ønsker.
Prøv å filtrere på noe annet.