Bergen - Selje
Kysten frå Bergen til Stad
På denne turen vil du få ein smak av kysten frå Bergen til Stad, med rutebåt fra Bergen som lett tilgjengeleg utgangspunkt.
I mellomalderen var kysten den fremste ferdselsvegen og dei fleste langvegsfarande pilegrimar reiste sjøvegen og stogga ved Kinn og Selja. I tillegg til Selja sin status som heilagstad og bispesete, gjorde plasseringa rett ved det lumske Stadhavet øya til eit geografisk og sosialt knutepunkt.
Det vakre og ville kystlandskapet, skore tvers over av fjordar og med det mektige Atlanterhavet brusande inn rundt øyane byr på storslegen natur, naturkrefter som fyller hjarte og sjel, men også roleg hav til ettertanke og refleksjon.

Foto: Tonje Ramse Trædal

Foto: Vidar Vie
Dag 1: Bergen - Gulatinget
Denne turen startar på Strandkaiterminalen i Bergen om morgonen kl 08.00, der du går ein av dei to hurtigbåtane til Nordfjord eller Sogn. Begge stoppar på Sollibotn, som er næraste båtstopp til nøkkelstaden Gulatinget. Båtturen tek rundt 1,5 timar. I Sollibotn følgjer du ein gruslagt turveg 2,5 km til du kjem til borgstova like ved kyrkja i Eivindvik sentrum. Her kan du stemple pilegrimspasset ditt og finne meir informasjo om området.
I Eivindvik står to seinkrossar frå tidleg 1000-tal, begge hogde i Hyllestad. Den angliske steinkrossen er står på Krossteigen ovanfor kommunehuset, og Den keltiske steinkrossen står ved porten til Eivindvik kyrkje. Kyrkja er open kvar dag i sommarsesongen. I Eivindvik sentrum kan du også følgjen ein kultursti på kulturvandring.no. Denne tek deg mellom anna Herresalen der prost Nils Griis Alstrup Dahl budde og arbeidde i første halvdel av 1800-talet. Han var prest i Gulen, stortingsmann og ivrig folkeopplysar. Henrik Wergeland skriv om han i diktet Eivindvig.
Om du er svolten, finst det ein kafèkrok i butikken i Eivindvik med kaffiautomat. I sommarsesongen får du også kjøpt mat på Eivindvik brygge.
Neste stopp er Gulatinget på Flolid, 4 km aust for Eivindvik. Her har kunstnaren Bård Breivik sett opp det monumentale verket sitt "Tingveggen" til minne om Gulatinget som truleg vart halde her. Det er også ein park og formidlingsarena her, og du kan stemple pilegrimspasset ditt. Det er ikkje servering her, så hugs å ta med niste om du treng det.
Etter besøket på Flolid tek du same veg tilbake til Eivindvik. Her kan du ovrenatte på Eivindvik brygge. I sommarsesongen er det også restaurant her.

Foto: Tonje Ramse Trædal

Foto: Tonje Ramse Trædal
Dag 2: Gulatinget - Hyllestad
Følg turvegen tilbake til Sollibotn, og ta hurtigbåten vidare til Rysjedalsvika. Sjekk avgangstider på skyss.no. Både Nordfjordbåten og Sognebåten stoppar her kl 09.30, og tek deg vidare til Rysjedalsvika. Turen tek 24 minutt. I Rysjedalsvika kan du gå på buss 210 mot Dale, og gå av i Leirvik (5 stopp). Herfrå følgjer du Fylkesveg 607 i 7,5 km mot Hyllestad. Du kan også ta kontakt med Hotell Sognefjord for å leige syklar.
I Hyllestad sentrum finn du Kversteinsparken i Hyllestad. Dette er Nord-Europas støste steinbrot frå mellomalderen, og var i drift heilt frå 700-talet og fram til byrjinga av 1900-talet. Kvernsteinar vart send frå Hyllestad til store delar av Europa, og mange av dei store steinkrossane langs kysten vart også hogde ut her. Kvernsteinsparken er open heile året, med vertskap i sommarsesongen. Her får du stempel i pilegrimspasset ditt.
Frå kvernsteinsparken er det ein fin spasertur på den gamle vegen til Hyllestad gamle kyrkjegard. Her finn du tre mindre steinkrossar frå mellomalderen plassert i hjørnene på kyrkjegardsmuren. Du kan også besøke Hyllestad kyrkje der det er finst eit fragment av endå ein steinkross. På vegen kan du også stoppe ved Åfjordstein der du kan få kjøpt lokalproduserte steinprodukt av same materiale som dei gamle steinkrossane. Kontakt innehavaren for å opne butikken. Om du ønskjer ei levande innføring i historia, kan du bestille omvising eller andre aktivitetar hos https://vikingfootprints.com/.
Du finn ein matbutikk på Spar i Hyllestad, og overnatting på pilegrimsherberget Sogn Hostel 10 km nord for Hyllestad. Du kan gå langs hovudvegen, bestille taxi eller ta kontakt for å avtale henting dersom det er ledig kapasitet. På Sogn hostel er det også mogleg å leige syklar dersom du ønskjer å ta turen vidare ut til Olavskrossen i Korssund. Hit er det ca 24 km kvar veg.
Dersom du har leigd syklar på Hotell Sognefjord, kan du returnere hit før du tek hurtigbåten vidare nordover neste dag.

Foto: Geir Holmen
Dag 3: Hyllestad - Svanøy
Turen vidare går med hurtgbåt frå Rysjedalsvika til Florø terminal. Frå Sogn hostell må du ta taxi, frå Hotell Sognefjord kan du ta buss frå Leirvik kl 09.20 mot Rysjedalsvika for å nå båten nordover kl . 09.57. Sjekk avgangstider på https://www.skyss.no/ Båtturen til Florø tek 1,5 timar.
Florø er Noregs vestlegaste by, bygd opp rundt det rike sildefisket på 1860-talet. Florø er administrasjonssentrum i Kinn kommune, Om du ønskjer å ha litt tid i Florø, kan det vere lurt å legge turen innom turistinfomasjonen for tips. Du kan for eksempel besøke Kystmuseet, som ligg ein fin spasertur frå Florø sentrum. Du kan legge frå deg bagasjen i gratis oppbevaringsboksar i venterommet i Florø hamn. Florø har også mange hyggelege kaféar, og eit eige bryggeri.
For å komme vidare til Svanøy må du ta lokalbåt frå Florø hamn til Svanøybukt kai. Søk opp aktuelle avgangstider på https://www.skyss.no/. Du kan kjøpe billettar ombord på båten, eller på Skyss-appen.
På kaia i Svanøybukt ligg den døgnopne nærbutikken Svanøy handel, som også har turistinformasjon. Her kan du få stempel i pilegrimspasset ditt og få eit kart over øya. På kartet finn du avmerk anbefalte turstiar, badeplassar og teltplassar. Du kan også leige syklar her og utforske denne særeigne og frodige øya. På sørsida av øya ligg Svanøy hjortesenter, som er eit nasjonalt kompetansesenter for hjort. Her kan du etter avtale få omvising og servering, og møte den tamme tunhjorten Hjorthild. Øya har store skogar, og du finn fleire minne etter gruvedrift.
10 minutts spasertur frå kaia i Svanøybukt finn du majestetiske Svanøy hovedgård, som har vore både bispegodt og administrasjonssenter i ytre Sunnfjord. Frå 1800-talet dreiv Hans Nielsen Hauge og Haugianarrørsla godset som eit mønsterbruk. Stavkyrkja frå 1100-talet og den seinare ei krosskyrkja ved Svanøy hovedgård er begge borte i dag, men på kyrkjegarden finn du ein steinkross frå tidleg 1000-tal hoggen i Hyllestad. Dette er ein av få steikrossar med runeinskripsjon.
På Svanøy hovedgård er det pilegrimsovernatting i eldhuset, med kjøken der du kan lage din eigen mat. Om du ønsker eit meir fasjonabelt opphald, kan du bestille rom i hovudhuset med frukost i restauranten. Dette må du bestille på førehand.

Foto: Knut Magne Nesse
Dag 4: Svanøy - Kinn
Etter ei god natt på Svanøy, tek du båten frå Svanøybukt til Florø. Sjekk ut evt andre avgangstider på https://www.skyss.no/. Hugs å bestille skyss på båten eller tlf 94 83 86 99 for båtturen tilbake frå Kinn til Florø dagen etter.
Hugs å handle mat på Svanøy eller i Florø før du reiser vidare med ny båt frå Florø til øya Kinn. på Kinn er det nemleg ingen matbutikk. Sjekk avgangstider frå Florø hamn til Kinn kai https://www.skyss.no/
Når du kjem i land på Kinn, følgjer du ein grusveg til høgre utover mot Kinn kyrkje, ca 15 minutts spasertur. På vegen passerer du DNT-hytta i Kinn skulehus eller Kinn gjestehus der du kan sjekke inn og setje frå deg bagasjen før du går vidare ut til Kinn kyrkje frå 1100-talet. I sommarsesongen blir du møtt av eit frivillig vertskap som kan fortelje deg om kyrkje si spennande historie. Det er tidebøn i kyrkja to gonger om dagen. Kvar sommar i juni blir Kinnaspelet sett opp i amfiet ved kyrkja. Om du er i området på dette tidspunktet, er det vel verd å få med seg!
Du får pilegrimsstempel for nøkkelstaden Kinn i kyrkja eller i postkasse utanfor kyrkjestova. Det er også eigne stempel på overnattingsstadene på Kinn.
Frå Kinnakyrkja går det ein flott tursti rundt heile øya, der du mellom anna passerer skaret ved fjellformasjonen Kinnaklova, som har vore eit kjend sjømerke i uminnelege tider. Turen tek ca 2 timar, og er ein rundtur som tek deg tilbake til ovenattingsstaden din. På vegen får du ei spektakulær utsikt til kystlandskapet og øyriket i Sunnfjord, men veret kan bli friskt. Hugs difor gode turklede som toler både vind og vatn.

Foto: Stad kommune
Dag 5: Kinn - Selje
Nyt dagen, stilla, havet og naturen på Kinn. Sjekk avgangstider for båten tilbake til Florø her https://www.skyss.no/, og hugs å bestille båt frå Kinn på tlf 94 83 86 99. Om du tek ettermiddagsbåten, kan du avtale bagasjeoppbevaring med vertskapet, smøre deg niste og ta ein tur på Kinnafjellet.
Om du skal vidare med hurtigbåt til Selje, må du ta ein båt frå Kinn som korresponderer med denne. Det går ein båt frå Florø kl 11.30 og 19.55 på kvardagar. Sjekk andre avgangar på skyss.no.
I Selje kan du ta inn på pilegrimsherberget i Selje prestegard, der du også finn. Selje pilegrimssenter. Hugs å bestille rom på førehand. Det er også andre overnattingsmoglegheiter for pilegrimar i Selje på Selebuda, Sætren rorbuer eller Selje camping.
Her kan du handle på Coop Prix Selje som er ope til kl 22 på kvardagar og lage din eigen mat, eller du kan få deg eit måltid på Mix gatekjøkken eller Frimannsbuda pub.
Du kan ta deg eit bad på vakre Seljesanden strand midt i sentrum, besøke innbyggjartorget eller besøke Selje kyrkje, som er open kvar dag i sommarsesongen. Det er også fine turmoglegheiter i nærleiken, mellom anna til dagsturhytta med flott utsikt frå fjellet like ved Selje sentrum. Her går også eit flott stinett vidare innover på Stadplatået. Det er også mogleg å leige el-syklar i Selje prestegad om du vil utforske større delar av Stadlandet, og du kan låne gartis friluftsutstyr i BUA Selje på innbyggjartorget og ved Seljesanden. Her finst mellom anna kajakkar og tørrdrakter dersom du ønskjer å padle ut til Selja. For å låne dette må du ha våttkort som viser at du har grunnleggande sikkerheitsferdigheiter for kajakk (eller tilsvarande sertifikat frå andre land).
Du får stempel for nøkkelstaden Selja kloster både i Selje prestegard og i Selje kyrkje.

Foto: Ulf Rugmayo Amundsen
Dag 6: Selje - Selja - Bergen
Frå hamna like nedanfor Selje prestegard går det båt ut til Selja kloster på den vesle øya Selja. Avtal oppbevaring av bagasjen din i Selje prestegard medan du er på øya. Båtturen tek rundt 10 minutt, og du kan bestille billettar på nettet hos Klosterbåten. Båten går to gonger dagleg i sommarsesongen, med omvising i klosterruinane.
Utanom sesong kan du bestille transport med Klosterbåten for større grupper, eller du kan ta lokalbåten til Bø på austsida av øya. Sjekk rutetidene mellom Selje kai og Seljeøya på skyss.no. Dette er ei bestillingsrute, så hugs å bestille skyss dagen før.
Det er også mogleg å gå av Klosterbåten på Bø og gå over øya til klosteret. Turen tek ca 25 minutt. Stien er freda, og er like gammal som klosteret og heilaganlegget. Her har pilegrimar vandra i tusen år.
På Selja kan du besøke både klosterruinane frå tidleg 1000-tal, det mektige terrasseanlegget med ruinane av Sunnivakyrkja der skrinet med Sta. Sunnivas relikviar stod, og hola der Sta. Sunniva i følgje legenda leid martyrdøden.
Dersom du er her rundt 8. juli, kan du oppleve Seljumannamesse i klosterruinane.
Frå Selje kan du ta hurtigbåt tilbake til Bergen frå Selje hurgitbåtkai. På kvardagar går båten kl 15.20. Turen tek ca 5 timar. Sjekk avgangar på skyss.no
Dette kan du oppleve på denne turen
-
Pilegrimssenter
Regionalt pilegrimssenter Bergen
Kystpilegrimsleia -
Båt
Strandkaiterminalen i Bergen
Kystpilegrimsleia -
Nøkkelsted
Gulatinget i Gulen kommune
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Eivindvik Brygge
Kystpilegrimsleia -
Nøkkelsted
Kvernsteinsparken i Hyllestad
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Sognhostel
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Hotel Sognefjord
Kystpilegrimsleia -
Båt
Florø hamn
Kystpilegrimsleia -
Nøkkelsted
Svanøy hovedgård i Kinn kommune
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Pilegrimsherberge på Svanøy hovedgård
Kystpilegrimsleia -
Nøkkelsted
Kinn kyrkje i Kinn kommune
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Kinn Gjestehus
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Kinn Skulehus
Kystpilegrimsleia -
Pilegrimssenter
Regionalt Pilegrimssenter Selje
Kystpilegrimsleia -
Overnatting
Pilegrimsherberge i Selje prestegard
Kystpilegrimsleia -
Nøkkelsted
Selja kloster i Stad kommune
Kystpilegrimsleia
Andre turer i nærheten
[[ notice ]]
Vi fant ingen turforslag etter dine ønsker.
Prøv å filtrere på noe annet.